Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ultima 2024: Advert

Illustrasjon med antydning til en overkropp inni rotete mønster.

Advert er ei utforsking av sjølvet i vårt stadig meir tribalistiske samfunn.

NODE / Brian Cliff Olguin / Ultima, Richard Stöhr / Lorin Strohm, Robin Clewley

I denne hardtslåande framsyninga, manar kunstnaren Laura Bowler og Decoder Ensemble fram krafta til å slå tilbake mot sosiale restriksjonar, og til å kringkaste identitet på eigne premiss.

Medverkande

  • Decoder Ensemble
  • Laura Bowler (komposisjon og stemme)
  • Julia Rehme (tatovør)

Omtale

Den britiske komponisten og songaren presenterer fleire multimedia-adverts (reklamar), der video blir kombinert med originale tekstar frå Bowler og Sam Redway, så vel som tekstuelle element som handlar om identitet, ekstremisme, og det å vere kvinne frå mellom anna Judith Butler, Amy Chua og Donna Haraway. Desse «adverts» røyrer seg i eit grenseland mellom sanning og fiksjon, og mellom ekstrem openheit og fragmenterte minne. Bowler dramatiserer sine eigne kampar og sårbarheita si ved å bokse med musikarane, steppe og til og med bli tatovert på scena.

Laura Bowler har spesialisert seg i musikkteater, multidisiplinært arbeid og opera. Dei seks medlemmane av tyske Decoder Ensemble kombinerer elektronisk og akustisk musikk, intens fysikalitet og den nyaste digitale teknologien i sine performances. Den musikalske teksturen i Advert ber arrvev frå fysisk kamp og tatovørens nål.

Stålsett deg for ei sonisk treningsøkt som bokstaveleg talt trekkjer blod!

I samarbeid med Noregs musikkhøgskole. Støtta av Ernst von Siemens Musikstiftung og EUs kulturprogram Kreativt Europa som ein del av Sounds Now.

Fleire konsertar

Publisert: 20. jun. 2024 — Oppdatert: 9. sep. 2024