På 60-talet lot komponisten Philip Glass seg inspirere av ei reise til India, der han lærte om fredsaktivisten Gandhis styrke og moralske mot. Resultatet blei verket Satyāgraha, ein minimalistisk opera om rettferd og fred, og om ein åndeleg leiar som endra verdshistoriens gang.
Borgarrettsforkjemparen Mahatma Gandhi (1869–1948) ble sjølve symbolet på Indias antikolonialistiske kamp. Han inspirerte tilhengarane sine til ikkje-valdelege protestar. Nøkkelen til denne protestforma låg i haldninga satyāgraha, eit sanskrit-ord som betyr det å insisterande halde fast ved sanninga.
Denne forkorta utgåva av Glass sin opera blir framført av masterstudentar ved Operaakademiet, bachelorstudentar i dans ved KHiO og Musikkhøgskolens sinfonietta. Librettoen på sanskrit, av Constance DeJong, er delvis henta frå hinduistanes heilage skrift Bhagavad Gita. Librettoen viser parallellar mellom hinduismens mytologiske kampar, og Gandhis eigne kampar, først i Sør-Afrika.
Glass’ sykliske og repetitive musikk miksar solostemmer med synthesisarar, strykarar og treblåsarar. Under denne spesielle framføringa med dans, vev fysisk rørsle seg saman med musikken i ein kontinuerleg flyt-tilstand som opnar for meditering over Gandhis bodskap – og betydninga av dei forskjellige formene for motstand som finst i dag.
I samarbeid med Den Norske Opera og Ballett, Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo og Institutt for musikkvitskap.