- Karin Hellqvist (1983–): Pango (2021–2024) for elektronikk
- Liza Lim (1966–), K. Hellqvist: One and the Other (Speculative Polskas for Karin) for fiolin (2021–2022)
- Christian Wallumrød (1971–), K. Hellqvist: Eiksmarka Psalm (2024, VP) for fiolin og tape
- Henrik Strindberg (1954–), K. Hellqvist: Gradients (2023) for solofiolin
- Manos Tsangaris (1956–), K. Hellqvist: Chain of Triggers (2024, VP) for perkusjon og fiolin
- Carola Bauckholt (1959–), K. Hellqvist: Solastalgia (2022) for fiolin og elektronikk
Ultima 2024: Karin Hellqvist: Resonant Dialogues
Verka Karin Hellqvist framfører på sin solokonsert viser korleis ein utøvar kan utvikle nære, kreative samarbeid med komponistar.
Program
Omtale
Karin Hellqvist har gjennom eit langt virke som utøvar opparbeidd seg et breitt repertoar av teknikkar og musikalske erfaringar. Nettopp desse erfaringane er blitt råmateriale for fruktbare samarbeid med komponistar som Carola Bauckholt, Christian Wallumrød, Liza Lim, Henrik Strindberg og Manos Tsangaris.
Det blir eit mangslungent program som utnyttar Kulturkykja Jacob sin rike akustikk, og gir rom for Hellqvists interesse for skandinavisk folkemusikk, elektroakustisk musikk og utvida fiolinteknikkar. Musikken ber også preg av komponistanes spesielle interessefelt: Lims forkjærleik for ikkje-vestleg musikalsk praksis, Bauckholts finkorna imitasjonar av kvardagsfenomen, og Wallumrøds fascinasjon for retro-teknologi som K7-bånd – for å nemne noko. Kveldens framsyning fell saman med slippet av eit nytt album med mange av dei aktuelle verka.
I samarbeid med Noregs musikkhøgskole. Støtta av Kulturrådet, Helge Ax:son Johnsons stifting og Konstnärsnämnden.
Karin Hellqvist er ph.d.-stipendiat i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Arne Nordheim-senteret (NordART) på Musikkhøgskolen. Resonant Dialogues er hennar avsluttande konsert.
Fleire konsertar
-
Orkester og ensemblerUltima 2024: Satyāgraha Redux (utseld) Lørdag 14. september 19:30
-
Samtidsmusikk og elektronisk musikkUltima 2024: Resonance / Resonate Torsdag 19. september 16:00
-
Samtidsmusikk og elektronisk musikkUltima 2024: Advert Onsdag 18. september 19:00
-
Samtidsmusikk og elektronisk musikkNo Gravity Fredag 4. oktober 18:00
Publisert: 20. jun. 2024 — Oppdatert: 13. sep. 2024