Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ultima 2024: Resonance / Resonate

Illustrasjon med blå tåkeaktige flekker foran noe som minner om lange, tynne trær i en skog.

Kor er du når du lyttar? Korleis eksisterer du i lyttinga? Musikarar og komponistar frå Noregs musikkhøgskole inviterer deg til å utforske desse spørsmåla under ein konsert på Deichman Bjørvika.

NODE / Brian Cliff Olguin / Ultima, Dan Graham / BONO / Ekebergparken / Kristina A. Kvåle, Ferdinand Schwarz, Irena Marcetic, Sara Angelica Spilling, Fredrik Strand Blichfeldt, Laura Kumwenda, Elias Osland, Amelie Lacomere, Valentin Schaff, Åsmund Erichsen, Sam Walton, Viktor Lavik, Marte Fillan, Peter Adamik, Magnus Skrede

Eit bibliotek er eit offentleg rom der ein låner, lærer, deler og leikar. Framsyninga resonance / resonate ønsker å bringe desse ideaene til konsertrommet. Kanskje vil du oppdage nye og givande måtar å lytte på? Kan ein lytte til musikk opp ned? Endrar lyden seg om du «poppar» øyra? Om du opnar munnen? Om du tenkjer på blomar?

Denne konserten presenterer eit breitt utval av heilt nye verk frå unge komponistar, framført av unge musikarar. 90 minutt med alt frå roande harmoniar til eksperimentell, performativ musikk. Kom, still spørsmål, utfordre deg sjølv eller berre len deg tilbake og nyt musikken, med det travle biblioteket som ramme.

Resonance / Resonate blir etterfølgd av ei framføring av det elektroniske verket «L’île re-sonante» av den franske komponisten Éliane Radigue (1932–). Kuratert av Åsmund Erichsen, Fredrik Strand Blichfeldt og Wei Ting Tseng.

I samarbeid med Noregs musikkhøgskole, Institut français de Norvège og Deichman Bjørvika.

Omtale

Fleire konsertar

Publisert: 20. jun. 2024 — Oppdatert: 16. sep. 2024