Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Terry Rileys In C

Dei nye bachelorstudentane framfører Terry Rileys «In C» på sine instrument og songar for kor som avslutning på oppstartveka.

Sondre Strømdal

Program

Kor

I korprosjektet har studentane øvd inn tre verk under leiing av Tone Bianca Dahl.

  • Bruremarsj frå Valsøyfjord, arr. Henning Sommerro
  • Karin Boyes Aftonbön av Egil Hovland
  • Pål sine hønur, arr. Knut Nystedt.

In C

Stykket dei nye studentane har øvd inn i samspelsprosjektet i oppstartveka er «In C», av den amerikanske komponisten Terry Riley (1935–).

Dette er eit ikonisk verk i den klassiske samtidslitteraturen og blir rekna som eit av dei første stykka i minimalistisk stil. «In C» blei skrive i 1964 og har sidan blitt tolka og framført av ei rekkje artistar på tvers av ulike sjangeruttrykk.

Verket består av 53 korte musikalske frasar, der kvar frase blir vilkårleg gjentatt, og med stor grad av individuell fridom, av musikarane i ensemblet. Stykket har inga fastsatt varigheit, og komponisten angir heller ikkje ein fast instrumentasjon eller kor mange musikarar som skal spele. Med andre ord ligg det til rette for nok ei særeigen framføring når skolens nye pop-rock-jazz-fri-klassisk-folk-studentar, med sine feler, el-gitarar, klarinettar og trompetar gjer enda ei ny tolking under leiing av Kjell Tore Innervik og John Vinge. Her deltar også utøvarar frå Oslo sinfonietta.

Fleire konsertar

Publisert: 2. aug. 2024 — Oppdatert: 22. aug. 2024