Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Love Your Latency

Lemur ensemble står foran en slags mekanisk maskin i brunt: Bjørnar Habbestad, Lene Grenager, Hild Sofie Tafjord og Michael Duch.

I prosjektet Love Your Latency improviserer musikarar saman på tvers av geografiske avstandar. På denne konserten speler musikarar i live electronics-rommet saman med musikarar som oppheld seg på Punktfestivalen i Kristiansand.

Andrej Chudý, Anna Julia Granberg, Remi Angeli, Peer Kugler

Parallelt med konserten på NMH, blir den same, eller snarare ein variant av den same konserten, spelt på Punktfestivalen i Kristiansand. Teknologien gjer samspelet mogleg, samtidig som den tvingar både publikum og musikarar til å tenkje annleis om mellom anna samhald, samspel og timing.

Det kunstnarlege forskingsprosjektet Love Your Latency omfamnar dei digitale forstyrringane og fantaserer om ei framtidig hybrid konsertform. Prosjektet er eit samarbeid mellom CreaTeME (Senter for framifrå utdanning), Noregs musikkhøgskole, Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU), Punktfestivalen og Kilden teater og konserthus i Kristiansand.

Medverkande

På scena i Oslo

  • Torben Snekkestad (treblås og elektronikk)

Lemur:

  • Bjørnar Habbestad (fløyter)
  • Hild Sofie Tafjord (horn)
  • Lene Grenager (cello)
  • Michael F. Duch (kontrabass)

På scena i Kristiansand

  • Michaela Antalová (trommer og perkusjon)
  • Jan Bang (live-sampling og elektronikk)
  • Ivar Grydeland (steelgitar og elektronikk)

Fleire konsertar

Publisert: 14. jun. 2024 — Oppdatert: 30. aug. 2024