Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Oppfyller draumar om å tenkje nytt

Portrett av Hedda Hammer Myhre
Hedda Hammer Myhre drøymer om å spele inn eiga plate.

For ei dryg veke sidan oppfylte Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd draumane til heile 50 unge lovande. Fem av vinnarane av Drømmestipendet i kategorien for musikk er studentar på Norges musikkhøgskole.

Fleire av vinnarane har ambisjonar om å krysse sjangergrenser, tenkje nytt og finne nye retningar i musikken. Vekk med det perfekte og fram med formidling og kontakt mellom musikarar frå ulike verder.

Brubyggjar

Seksjonen for jazz og improvisert musikk er spesielt godt representert blant 2022-vinnarane. Jazz-trommis Henrik Dullum studerer musikkpedagogikk på tredjeåret og speler mellom anna i folkrockbandet Gangarstubbgutta. Draumen hans er å få soloprosjektet sitt opp på eit nivå der han kan lage eigne konsertar med solomateriale.

Jazzsongar og pedagogikkstudent Hedda Hammer Myhre drøymer om å spele inn plate med eigen musikk, gjerne med ein av favorittprodusentane Kåre Vestrheim, Hanne Hukkelberg eller Morten Qvenild. Hammer Myhre nemner både solo, ensemblespel, improvisasjon, blanding med andre kunstartar og utfordring av vokalrolla.

Portett av Morten Georg Gismervik, med langt hår, briller og mønstrete skjorte.
Morten Georg Gismervik ønsker å vere ein musikalsk brubyggjar.

Sist i jazzrekkja har vi Morten Georg Gismervik. Han er gitarist og student på NOCOM – eit samarbeidsstudium mellom dei skandinaviske landa, der studenten kombinerer utøving og komposisjon. Han drøymer om å vere det han kaller ein brubyggjar-artist, der han bind saman sjangrar som i utgangspunktet verkar fjerne frå kvarandre.

Formidling viktigast

Innanfor klassisk musikk finn vi vinnarane Sunniva Herland Monstad og Eline Storheim. Fiolinist Monstad er masterstudent i utøving og elev av Elise Båtnes og Henning Kraggerud. Ho er klassisk musikar, men jobbar også med improvisasjon og folkemusikk, og ønsker å vere med på å sende det klassiske miljøet i ei ny retning, der formidling er det viktigaste.

– For å ha moglegheita til å kome nærmare draumen min er det mange ting eg må lære, utvikle, observere og reflektere.

Eline Storheim Student på kandidatstudiet i dirigering

Eline Storheim studerer dirigering og skal bruke stipendet sitt på meisterklassar og reising. Som dirigent er det nemleg heilt avgjerande å øve seg på levande musikarar.

– For å ha moglegheita til å kome nærmare draumen min er det mange ting eg må lære, utvikle, observere og reflektere, seier ho til Avisa Nordhordaland.

klassisk

Konsert med ein av vinnarane

Få med deg masterkonserten til Sunniva Herland Monstad 6. mars kl. 18.00.

Les meir og hent gratisbillett

Les også

Artikler relevante