Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått 2026

-

I år blir den studentdrivne folkemusikkfestivalen Ljøsblått arrangert på Riksscena i Oslo og på NMH den 28. og 29. november.

Festivalen er leia av folkemusikkstudentar frå Noregs musikkhøgskole og har blitt eit årleg arrangement for nye og gamle folkemusikkinteresserte.

Med låg snittalder på scena og ein høg andel studentar er du som publikummar garantert å oppdage ny og spennande musikk. Samstundes vil nokre veletablerte artistar også dukke opp.

Det blir konsertar, jam, dans og fest – så hald av kveldane, og finn fram danseskoa og instrument!

Konserter Kommende

Publisert: 4. juli 2026 — Oppdatert: 5. juli 2026