Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Merete Hoel Roaldsnes: Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar

Studien utforskar kva rolle musikk kan ha i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar.

Fagområde: Musikkterapi

Samandrag

På kva slags måte kan deltaking i ei musikkgruppe vere helsefremmande for ungdom som har bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar?

Denne problemstillinga har blitt utforska gjennom deltakande observasjon i ei musikkgruppe der deltakarane var ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn, og gjennom kvalitative forskingsintervju med dei deltakande ungdommane.
Tre forskingsspørsmål spring ut frå den overordna problemstillinga:

  • Korleis opplever deltakarane å delta og medverke i musikkgruppa,
  • kva for helsefremmande faktorar kjem til syne i deltakarane sine opplevingar, og
  • kva for utfordringar opplever deltakarane i musikkgruppa?

Resultata frå studien viser at musikkgruppa var for ungdommane ein arena for emosjonell endring, for meistring og for oppleving av tilhøyrsle. Ungdommane opplevde ei auke av positive emosjonar når dei deltok i musikkgruppa og dei opplevde å få meir energi og kjenne seg mindre slitne. Dei opplevde at musikkgruppa gav dei eit avbrekk frå uro og tyngande tankar. Musikkgruppa bidrog til at ungdommane fekk eit endra og utvida tankesett med meir håp, optimisme og meistringstru. Dei oppdaga nye ressursar og sterke sider i seg sjølve og fekk i musikkgruppa bruke og vidareutvikle desse. Ungdommane opplevde musikkgruppa som eit positivt og trygt fellesskap der relasjonar vart stadfesta og utvikla. I musikkgruppa opplevde dei anerkjenning og stadfesting på sin identitet og dei fekk stadfesta og formidla si tilhøyrsle til heimlandet. Samstundes bidrog relasjonane og prosessane i musikkgruppa til oppleving av ei gryande tilhøyrsle i Noreg.

Roaldsnes diskuterer ungdommane sine erfaringar i ljos av teoretiske perspektiv som positiv psykologi, traumemedviten omsorg og teori om psykososialt arbeid med einslege flyktningbarn og viser slik moglege helsefremmande faktorane ved ungdommane sine erfaringar. Studien peikar i retning av at musikk kan spele ei rolle i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar då musikk kan gi erfaringar som kan gi positive helsekonsekvensar, og ved at musikk kan støtte opp om ein gryande integrasjonsprosess.

Ph.d.-avhandlinga

Fullstendig tittel: Musikk i helsefremmende arbeid med einslege mindreårige flyktningar. Ein kvalitativ studie av ei musikkgruppe for ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn.

Avhandlinga er ein monografi. Den er åpent tilgjengelig i NMH sitt vitenarkiv.

Avhandlinga er skrive på norsk.

Artikler relevante

Publisert: 17. jun. 2014 — Oppdatert: 23. feb. 2024