«De salige» vekker opp lydar i dvale. Dei gamle spelemenn har stilna og Susanne er no ein av dei eldste felespelarane i sitt tradisjonsområde Salten og Lofoten. For Susanne har det vore eit sakn å høyre og spele med dei gamle som ho trefte i sine unge år. Prosjektet spring ut av eit ønske om å løfte fram vår felles gamle musikkarv i eit nært møte mellom felespelarar, songarar, duoen og publikum. Konserten blir ein symbiose med duoen og arkivopptak av gamle spelemenn og kvinnestemmer frå Salten og Lofoten.
Gjennom å sample lydar, frasar og enkelttonar frå dei gamle slåttane og songane får kvar spelemann behalde stemma og eigenarten sin, sånn som dei læt på eldre opptak, men dei skal spele ny musikk som Susanne komponerer.
Konserten legg opp til ulike sekvensar som behandlar typiske musikalske stiltrekk i tradisjonen. Delar av musikken vil vere gjennomkomponert ny musikk og noko i ei meir improvisatorisk form, og her er Susanne i godt spele-selskap med Nils-Olav Johansen på gitar og elektronikk. For første gong får felespelarar som levde samtidig, men på kvar sin stad spele med kvarandre, og Susanne får vere med!