Komponist Arne Nordheim og kona hans, interiørarkitekten Rannveig Getz Nordheim, bodde i Grotten, statens æresbolig for fortente kunstnere, frå 1981 til 2010. På kjøkkenbordet i Grotten låg kokeboka til Rannveig Her noterte ho oppskrifter ho likte å bruke, samtidig som hun førte oversikt over gjestane Nordheim-paret inviterte til middag i æresboligen, datoene for møtene og kva for rettar som blei servert. Kokeboka er slik eit vitnesbyrd om møte mellom særeigne og viktige personar frå mange kunstnarlege disiplinar, både i Noreg og internasjonalt, og om kollegiale forbindinger og lange venskap. Denne boka dannar også eit utgangspunkt for å sjå nærmare på livet i Grotten og menneska som samla seg rundt Arne og Rannveig Nordheim. I filmen samtaler Rannveig med Hild Borchgrevink og Ole-Henrik Moe, komponist, fiolinist og nær ven av Nordheim-familien, om samlivet deira i kunstnarkretsar og om Nordheim sin musikk.
Filmen er laga av Sigurd Ytre-Arne i samarbeid med Noregs musikkhøgskole / NordART, Rannveig Getz Nordheim, Ole-Henrik Moe og Hild Borchgrevink, med Ellen Ugelvik/NordART som prosjektleiar.
Etter filmen er det konsert i Lindemansalen, med utdeling av Nordheim-prisen og framføring av Nordheim sin musikk, side om side med studentverk og prisvinnarverk.