Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ultima: Huskonsertar

-

Musikarar frå NMH, Lviv-filharmonien og IEMA speler konsertar i private heimar rundt om i Oslo.

I 2026 inviterer vi publikum inn i private heimar nabolag og lokalmiljø over heile Oslo, gjennom ein ny serie huskonsertar.

På huskonsertane våre kjem du helt tett på musikken. Den blir spelt i stuer, på kjøkken og i bakgardar. Du møter musikarane på nært hald, høyrer pusten, ser kroppane i rørsle, kjenner lukta av treverket i instrumenta. Det er rom for samtale, spørsmål og for å oppleve musikk du kanskje aldri har høyrt før, i uformelle og heimekjære omgivnadar. Her oppstår musikken i møte med ulike kvardagar, heimar og måtar å leve på.

Musikarane du møter kjem frå Noregs musikkhøgskole, frå unge musikarar i Lviv-filharmonien i Ukraina, og frå studentar ved International Ensemble Modern Academy i Frankfurt. Programmet er tilpassa kvar enkel heim, og spenner frå eksperimentell storbandmusikk til klassikarar innan samtidig kammermusikk, musikkteater, og til og med ein konsert for solo-nase.

Program

Fleire konsertar

Publisert: 2. juli 2026 — Oppdatert: 7. sep. 2026