- Ferdinand Schwarz: the unwanting soul sees what is hidden (urframføring)
- Øyvind Torvund: Untitled School (2014)
- Sarah Davachi: Feedback Studies (2022)
Ultima: Untitled School and Other Strange Lessons
Håkon Stene, Jennifer Torrence, Ellen Ugelvik og Sanae Yoshida framfører musikk av Øyvind Torvund, Ferdinand Schwarz og Sarah Davachi.
Program
Medverkande
Torrence / Stene / Ugelvik / Yoshida
- Ellen Ugelvik og Sanae Yoshida (piano)
- Håkon Mørch Stene og Jennifer Torrence (perkusjon)
Omtale
Faget er lytting. Metoden er usikker. To pianistar og to slagverkarar møtest til ein ettermiddagskonsert der disiplin, sanseinntrykk og sjølve rommet stadig opnar seg mot noe underlegare.
Leksjon 1
Ferdinand Schwarz’ nye verk, «the unwanting soul sees what’s hidden», set akustisk og metaforisk resonans i sentrum for ein praksis basert på dyp lytting. Gjennom bevegelege høgttalarar lokkar ensemblet fram psykoakustiske fenomen som synest å forskyve seg mellom instrumenta, rommet og lyttaren sjølv. Lærdommen: Senk tempoet. Følg med. Noko er allereie i ferd med å skje.
Leksjon 2
Øyvind Torvunds «Untitled School» tar form av ei forelesing: «Scales, Textures, Chords, Imitations, Jungles». Men broderimønster, mellomaldermanuskript, abstrakt kunst og ville dyrelydar avbryt stadig pensum. Lærdommen: Kategoriar er til for å bli destabiliserte.
Leksjon 3
Sarah Davachis «Feedback Studies» gjer rommet sjølv til eit instrument. Med eit redusert tonemateriale og akustiske feedback-sløyfer navigerer utøvarane ein skjør og skiftande balanse mellom kontroll og kollaps. Lærdommen: Rommet lyttar alltid tilbake.
Skoleklokka ringer ut. Kva du har lært, får du sjølv avgjere.
Fleire konsertar
-
Samtidsmusikk og elektronisk musikkUltima: Huskonsertar Lørdag 12. september -
Lørdag 19. september
16:00 - 19:40 -
Samtidsmusikk og elektronisk musikkUltima: Mot harde flater Mandag 14. september
19:00 - 21:00 -
Samtidsmusikk og elektronisk musikkUltima: NMH sinfonietta + Nordheims komponistpris Fredag 18. september
16:00 - 17:40 -
KlassiskMusikkhøgskolens sinfonietta Tirsdag 13. oktober
19:30 - 20:30
Publisert: 2. juli 2026 — Oppdatert: 9. sep. 2026