Fagområde: Musikkpedagogikk
Guro Gravem Johansen: Å øve på improvisasjon
Studien omhandlar øvepraksisar hos jazzstudentar innan høgre utdanning. Prosjektet har særleg fokus på utvikling av improvisasjonskompetanse.
Samandrag
Hovudproblemstillinga for prosjektet formulerast slik: Kva kjenneteiknar øvepraksisar hos jazzstudentar som arbeider med å utvikle sin improvisasjonskompetanse?
Prosjektet er ein eksplorerande studie, og tek utgangspunkt i korleis studentar sjølve konstruerar meining i høve til verdiar, normar, haldningar til utøving og øving av improvisasjon, sett i lys av jazz som historisk og kulturell tradisjon.
Studien har som føremål å
- bidrage til å synleggjere og diskutere øvepraksisar innanfor jazz og improvisasjonsbasert musikk
- utdjupe forståinga av korleis improvisasjonskompetanse utviklast gjennom øving
- bidrage til auka kunnskap om undervisning og læring innanfor jazz og improvisert musikk generelt, og slik bidrage til forskingsbasert utvikling av jazzutdanning
- bidrage til å utdjupe og utfordre omgrepet øving i ein generell musikkpedagogisk kontekst
Ph.d.-avhandlinga
Avhandlinga er ein monografi. Den er publisert i NMH sitt vitenarkiv.
Avhandlinga er skrive på norsk.
Artikler relevante
Publisert: 10. feb. 2015 — Oppdatert: 1. nov. 2024