Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Mari Ystanes Fjeldstad: Knutar av kunnskap-i-spel.

Mari Y Fjeldstad mottar disputasprotokoll fra komiteleder Even Ruud, 25.5.2023

Historier frå fiolintimar lest diffraktivt gjennom agentisk realisme.

Fagområde: Musikkpedagogikk

Samandrag

Denne feministiske ny-materielle og posthumanistiske studien utforskar praksisen i norske kulturskolar gjennom intervju med tre fiolinlærarar og observasjon av undervisninga deira. Det finnes forsking som undersøker diskursane i rammeplanen til kulturskolen. Der er også studiar som undersøker synspunkta til lærarar og leiarar gjennom intervju og spørjeskjema. Denne studien utfyller desse og bidrar til ei breiare forståing av praksisen i kulturskolen gjennom å også undersøke det uventa og materielle, til dømes klistremerke som fell av fiolinar, edderkoppar som forstyrrar undervisninga, og elevar som kjem for seint og utan å ha med seg fiolinen. Utgangspunktet for studien er ei interesse for korleis fiolintimar speler seg ut og for kva som vert skapt gjennom dei.

Avhandlinga

Fullstendig tittel: Knots of Knowing-in-Playing: Stories From Violin Lessons Read Diffractively Through Agential Realism.

Avhandlinga er ein monografi, og den er skrive på engelsk.

Avhandlinga er tilgjengeleg i NMH sitt digitale vitenarkiv.

Artikler relevante

Publisert: 9. jun. 2022 — Oppdatert: 21. feb. 2024