Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Morten Gaathaug: Requiem for Nature

Morten Gaathaug sitter og komponerer ved klaveret.

Dirigeringsstudentane Jan-Philip Dolci, Henri Raeck, Gabriela Opacka-Boccadoro og Rui Miguel Ribeiro Marques leiar orkester og kor i Gaathaug sitt Requiem for Nature.

Essi Koski, Sveinung Bjorå, Izabela Bajda, Lars Bryngelsson, Trond Gudevold, Ingrid Aasta Risdal, Jon Trachsel

I «Requiem for Nature» tar Morten Gaathaug (1955–) utgangspunkt i det forgjengelege i alle ting. Under denne paraplyen skjuler det seg mykje: naturkrisa, menneskelivets avgrensa varigheit på jorda, livshjulet, som stadig blir fornya, og minna som svann. I redsla for det ukjente får draumen om eit betre liv og håpet om frelse næring.

Verket, som er skrive for to solistar, kor og samansett orkester av strykarar, messingblåsarar, slagverk og orgel, bygger på den tradisjonelle latinske messeteksten, men har også med tekstar av Bo Bergman og William Wordsworth. NMH uroppfører dette verket i høve 70-årsjubileet til komponisten.

Medverkande

  • Oslo Chorale Selskap under leiing av Marius Skjølaas
  • Songarar frå KORiOSLO og Christiania kammerkor, og utvalgte studentar med i koret frå: «Soloists of the Student Choir of the Ukrainian National Tchaikovsky Academy of Music» (Choirmaster: Oleksandr Zavolhin)
  • Samansett orkester frå NMH
  • Jan-Philip Dolci, Henri Raeck, Gabriela Opacka-Boccadoro, Rui Miguel Ribeiro Marques (dirigentar)
  • Stina Steingrim Levvel (sopran)
  • Magnus Dorholt Kjeldal (baryton)
  • Halgeir Schiager (orgel)

Fleire konsertar

Publisert: 17. juni 2025 — Oppdatert: 21. okt. 2025