På NMH bruker Jørgen eit live-elektronikk-oppsett beståande av trommemaskiner, synthar og Ableton Live for å forske på polymetriske sekvensar. Med repeterande sekvensar i forskjellige taktartar blir det skapt variasjon over tid og variasjon med repetisjon. Dette er kjernen i Polyemtric Sequentiality.
I tillegg til det polymetriske har plassering og rørsle vore eit sentralt tema i Jørgens master. Difor vil berque framføre konserten i eit kvadrafonisk oppsett som gir publikum moglegheita til å bli sveipte i ein elektronika i tverrsnittet mellom melodisk, dansbart og rytmisk utfordrande.
Polymetric Sequentiality
Polymetric Sequentiality er masterprosjektet til FRIMA-student Jørgen Berg Svela, også kjend som berque.
Les meir
Fleire konsertar
Publisert: 14. jun. 2024 — Oppdatert: 3. okt. 2024