Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kammermusikk er eit viktig satsingsområde på Noregs musikkhøgskole. Samspel i små gruppe bidreg til å bygge institusjonen innanfrå.

Nasjonal kvalitetspris

Kammermusikk er obligatorisk for dei aller fleste utøvarstudentane. Dei velger sjølv kva gruppe dei vil spele i, kva slags musikk dei vil konsentrere seg om og kva lærarar dei ønsker seg. Dei klassiske kammermusikkverka står sentralt, men Musikkhøgskolen legg òg til rette for improvisasjon og sjangeroverskridande prosjekt. Utvalte ensemble blir tett følgt opp av eit lærarteam med utøvar- og høyrelærarar og ein komponist. Denne undervisningsmodellen har vinna ein Nasjonal kvalitetspris.

Den årlege kammermusikkveka omfattar workshops og meisterklasser, internasjonale gjestar og konsertar der studentar og lærarar deltek saman. Som medlem av The European Chamber Music Academy samlar Noregs musikkhøgskole nokre år europeiske toppedagogar og ensemble til workshops i Oslo.

Studiemuligheter

Historier

Prosjekter Relevante

Publisert: 10. mar. 2020 — Oppdatert: 25. sep. 2024