Vi arbeider med dei kreative, utøvande og skapande moglegheitene som å bruke moderne teknologi gir. Faget er ikkje knytt til særskilde sjangrar. Miljøet gir store moglegheiter til å arbeide sjølvstendig, nyskapande og eksperimentelt. Du bevisstgjer og bygger på eigne musikalske ønske og interesser og får innføring i å bruke forskjellige musikkproduksjonsteknikkar.
Lydstudio gir teoretisk og praktisk grunnlag for å arbeide i lydstudio. Prosjektstudio omfattar å komponere og produsere musikk, og på området «live electronics» blir elektronikken utnytta i utøver- og konsertsamanheng.