Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Om NMH-Brage vitenarkiv

NMH-Brage er Musikkhøgskolen sitt ope elektroniske vitenarkiv og inneheld vitskapelege publikasjonar frå fagleg tilsette, i tillegg til doktoravhandlingar, kunstnariske refleksjonar og masteroppgåver.

Kva er NMH-Brage?

NMH-Brage er Noregs musikkhøgskoles ope publiseringsarkiv og er forankra i den strategiske planen. NMH-Brage er eit system for nettbasert publisering, arkivering og tilgjengeliggjering av elektroniske publikasjonar i ulike medieformat.

Musikkhøgskolen skal utvikle dokumentasjonsformer og publiseringskanalar for formidle verksemda til eit breitt publikum nasjonalt og internasjonalt. Som eit ledd i dette ønsker skolen å gjere resultata av den samla FoU-verksemda tilgjengeleg for brukarar i samtid og framtid.

Kvifor eit ope arkiv?

Hensikta med Musikkhøgskolens ope arkiv er å gjere det vitskapelege og kunstnariske utviklingsarbeidet ved Musikkhøgskolen meir synleg og tilgjengelig for eit større publikum. NMH-Brage tilbyr ei sikker, digital langtidslagring av dette materialet.

Alt materiale i NMH-Brage blir søkbart gjennom generelle søketenester som Google og Yahoo.

Kva blir publisert i NMH-Brage?

NMH-Brage skal mellom anna innehalde

  • doktoravhandlingar
  • masteroppgåver
  • NMHs publikasjonsseriar
  • vitskapelege artiklar
  • andre FoU-publikasjonar
  • sluttrapportar frå kunstnariske stipendiatar

Spørsmål?

Publisert: 12. jun. 2020 — Oppdatert: 5. nov. 2024