Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Cha­sing the Col­la­bo­ra­ti­ve. Cri­ti­cal Stu­dies of Per­for­mer Agency in Modern Flute Music

Bjørnar Habbestad playing flute in studio set up in a workshop in Oslo

Kva betydning har skifte i samarbeidspraksis mellom utøvarar og komponistar hatt for utvikling av musikalsk materialitet? Dette er temaet i Bjørnar Habbestad si avhandling.

Samandrag

Kva betydning har skifte i samarbeidspraksis mellom utøvarar og komponistar hatt for utvikling av musikalsk materialitet? Denne avhandlinga søkjer å kartlegga endringar i den musikalske skapingsprosessen innan moderne instrumentalmusikk for fløyte gjennom studiar av musikalsk materialitet, utøvarkompetanse, og kompositoriske samarbeidsprosessar. Avhandlinga teiknar opp eit komplekst bilete av samanhengen mellom klang, samarbeid og nyskaping, og utgjer eit målretta forsøk på å finstilla korleis ein best kan forstå kva utøvarar gjer når musikk blir laga, spelt og framført.

Tre ulike perspektiv og metodar stør dette søket: den historiske musikkvitskapen, intervjubasert forsking og kunstnarleg forsking. Med utgangspunkt i det musikkvitskaplege perspektivet skriv eg historia til ein av dei fyrste nye instrumentalteknikkane for fløyte, the key click. Mi lesing av denne utviklinga blir dernest utdjupa gjennom analysar av eit omfattande intervjumateriale med fløytisten Roberto Fabbriciani. Funna frå begge desse prosessane blir til slutt sett i spel gjennom praksisbasert forsking. Her blir ulike komponentar bak utviklinga av fløytestemma i Das atmende Klarsein av Luigi Nono undersøkt, eksperimentert med og utvida.

Avhandlinga viser korleis den aukande bruken av eksperimentelle metodar og workshop-prosessar har påverka og endra utøvarrolla i musikalske komposisjonsprosessar. Historia til key click’et (Del I) syner ei endring i musikalsk materialitet og praksis, ei gradvis omforming av måtar fløyta kan bli spelt på. Intervjuanalysen (del II) skildrar korleis slike endringar har manifestert seg i praksisen til ein sentral utøvar. Analysane av framleggingane til utøvaren og blikket han har omkring eige arbeid blir deretter teke med inn i, og nytta som grunnlag for, nye musikalske framførings- og utviklingsprosessar. Fabbriciani og Nono sitt arbeid med å utvikle fløytestemma i Das atmende Klarsein blir her nytta som eit prisme for å sjå nærare på korleis utøvarar sitt musikalske handlingsrom har endra seg i perioden (del III).

Skildringa av denne gradvise endringa kombinerer ulike kjelder for å verbalisere roller og oppgåver innan samtidsmusikalsk oppføringspraksis. Eit produkt av denne syntesen er ei avdekking av tilsikta og utilsikta tilsløring av utøvarar si rolle i skapande prosessar. Dette blir tydeleggjort gjennom avhandlinga sitt fleirspektra forskingsdesign, som også utgjer ein sentral komponent i prosjektet sitt vitskaplege bidrag.

Meir om prosjektet

Les meir om prosjektet til Habbestad på nettsidene.

Publikasjoner relevante

Publisert: 26. okt. 2022 — Oppdatert: 8. jul. 2024