Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Koret som spen­nings­felt

Forsiden til "Koret som spenningsfelt. Mellom det små og det store" av Øyvind Eiksund.

Mellom det små og det store

Medan korsongen står sterkt i Norden, er forsking på kor nesten usynleg eller i stor grad gøymd bak andre forskingstematiske innretningar (Geisler, 2010). Behovet for tilskot til dette feltet er derfor stort. Som ein konsekvens av ei kvalitativ orientering innanfor samfunnsvitskapane må prosessar og fenomen i verda skildrast og forståast før det kan utviklast teoriar og forklaringar knytt til dei (Kvale & Brinkmann, 2009). Eitt av måla for denne studien har derfor vore å skildre og forstå prosessane korfeltet består av, både på eit individuelt og sosialt nivå, men også korleis dette kan seie noko meir om samfunnet det eksisterer i.

Datamaterialet til denne studien består av ei kartleggingsundersøking av korfeltet på Søre Sunnmøre, observasjonsperiodar hjå fire kor, samt seksten kvalitative forskingsintervju. Analysen har hatt intervjumaterialet som primært utgangspunkt, der Eiksund har nytta seg av ein stegvis deduktiv induktiv-metode (SDI) (Tjora, 2012). På bakgrunn av denne har han identifisert fem sentrale tematikkar: (i) motivasjon, (ii) eigarskap, (iii) identitet, (iv) det sosiale fellesskapet, og (v) kor og samfunn. Desse tematikkane har blitt drøfta opp imot teori henta frå psykologi, sosialpsykologi, organisasjonspsykologi og sosiologi, og har skjedd på eit overordna teoretisk bakteppe beståande av perspektiv henta frå modernitetsteori samt teori om narrativ forsking.

Resultata frå studien er samla i konseptet koret som spenningsfelt, der fem spenningsfylte område, diskutert i dei ulike kapitla, til saman utgjer eit samansett spenningsfelt. I konstruksjonen av dette konseptet peikar Eiksund på samanhengar mellom individ, sosial gruppe og samfunn, der også perspektiv henta frå modernitetsteori blir trekt inn. I konseptet går det fram at koret kan ha mange samtidige og ulike betydingar for medlemmane, der ulike vektleggingar av motivasjonsfaktorar, eigarskapsforhold, identitetsformer og gruppefunksjonar spelar ei rolle.

  • NMH-publikasjoner 2019:1.

Publisert: 28. mar. 2019 — Oppdatert: 1. feb. 2024