Ved enkelstudiar av to historiske utøvarar, Dagny Andrea Veum Quisling og Daniel Aakhus, undersøker Ellestad eit utval av framføringskontekstar tilknytt kvar sjanger. Studien undersøker òg korleis globale og lokale strømmingar og krefter medverka til endringar og utvekslingar i den norsk-amerikanske musikkulturen, og vidare korleis desse prosessane speglar ulike prosessar bak konstruksjon av identitet.
Metode og teori
Studien er kvalitativ og tverrfagleg og bruker teori og metodar frå ei rekke humanistiske og samfunnsvitskaplege disiplinar, inkludert etnomusikologi, antropologi, sosiologi, migrasjonsstudiar, kulturstudiar, performance-studiar, folkloristikk og mediestudiar. Arbeidet tar utgangspunkt i omgrep om sosial, etnisk og diasporisk identitet, samt performance og globaliseringsteoriar knytt til etnomusikologen Mark Slobins rammeverk for studiar av subkulturell musikk (Slobin, 1993).
Avhandlinga tar i bruk både historisk basert forsking og enkelstudieforsking. Data er henta frå arkiv, kvalitative intervju, feltarbeid, samt dokument, audiovisuelt materiale og anna tilgjengeleg materiale. I analysedelen har Ellestad nytta relasjonsdatabase, regneark og datamaskinassistert kvalitativ dataanalyse (CAQDAS). Som eit supplement i arbeidet har ho òg innstudert og framført musikk frå repertoaret til fleire av dei historiske utøvarane som er forska på i studien.
Kva fann Ellestad?
Eit funn i forskingsarbeidet er at norsk-amerikanske musikarar interagerte med lokale og globale strømmingar gjennom tre typar prosessar: intersubcultural interaction (interaksjon med musikarar frå ulike etniske grupper busett i regionen), bruk av supercultural materiale (interaksjon med ulike populærmusikksjangrar formidla gjennom ulike kanalar og medium, inkludert omreisande underholdningsmusikarar, notar, grammofonplater og radio) og samspel via the diasporic interculture (direkte og indirekte interaksjonar mellom norsk-amerikanske og norske musikarar).
Desse samspillprosessane reflekterer på si side to dynamiske forløp ved norsk-amerikansk identitetskonstruksjon: formbarheit, permeabilitet og etnisk grenseforhandling på den eine sida og posisjonerings- og myteskapingsprosessar på den andre. Enkelstudiar av dei to utøvarane Dagny Andrea Veum Quisling og Daniel Aakhus viser at framføringskontekstar var viktige for konstruksjonen av identitet, inkludert rekonstruksjon av idealiserte førestillingar om norsk nasjonal og regional kultur, påvising av kompatibilitet mellom etnisk kulturell praksis og amerikanske ideal og ein stadfesting av lojalitet til norske kulturtradisjonar. Undersøkinga har også vist at musikalske uttrykk fungerte som utløp eller rammer for refleksiv regulering av følelsar og eigenverd, og som kulturelt bindeledd for innvandrarar som stod overfor kompliserte spørsmål om tilpassing til det amerikanske samfunnet.
Om Laura Ellestad
Laura Ellestad (f. 1982) er hardingfelespelar, musikkforskar og lærar.