Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Nytt studentutval og nye representantar til styret

Det nye Studentutvalet. Øverst frå venstre: Victor Middleton, Andreea-Maria Faits Dumitrel, Essi Koski, Tuva Marie Jansen Sverkeli, Lucie Lou Camps, Thea von der Wense.

Gratulerer til det nyvalde SUT 24/25 og styrerepresentantane!

Studentvalet på NMH har gått over alle forventningar, med valoppslutning på 25% – ein stor auke frå fjorårets val. Gratulerer til alle studentar som har stemt!

Avtroppande studentleiar har full tiltro til at påtroppande SUT og styrerepresentantar vil gjere ein formidabel jobb det kommande året.

Studentutvalet blir som følger:

Leiar: Lucie Lou Camps

Nestleiar: Victor Middleton

Arrangementansvarleg: Essi Koski

Kommunikasjonsansvarleg: Thea von der Wense

Læringsmiljøansvarleg: Andreea-Maria Faits Dumitrel

Mangfold og likestillingsansvarleg: Tuva Marie Jansen Sverkeli

Styrerepresentantane blir som følger: Idun Gabrielle Fougner-Økland og Ola Ur Sæbø

Vara: Elise Sløgedal og Marius Fredheim

Ny strategi og skiftande tider gjer dette arbeidet veldig spennande. Studentane ved NMH kan vere trygge på at deira interesser blir godt tatt vare på av dei nyvalde styrerepresentantane.

Studentleiar Mitra Fagerli Rahman ønsker dei påtroppande tillitsvalde lykke til det neste året. Og gleder seg til å observere arbeidet på litt større avstand! Rahman ønsker å takke for eit godt val og ein bra periode – sittande SUT skal være stolte!

Styrerepresentantar og vara 24/25: Idun Gabrielle Fougner-Økland og Ola Ur Sæbø (øvst), Elise Sløgedal og Marius Fredheim (nederst)

Artikler relevante