Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Stra­te­gi og pla­nar

Strategi 2025 er saman med årsplanane våre viktigaste styringsdokument.

Strategi 2025

Strategien beskriv fem målområde for perioden 2015–2025. Kvart av dei fastset eit overordna mål for perioden, samt ambisjonar fram til 2022.

Ambisjonane konkretiserer målet og antyder kva tiltak som må bli prioritert. Hovudmål og ambisjonar ligg til grunn for årlege planar med prioriterte og målbare tiltak.

Årsplan 2024

Årsrapport og årsplan 2023

Årsrapport og årsplan 2022

I 2022 har Noregs musikkhøgskole, som resten av samfunnet, vendt tilbake til kvardagar utan pandemitiltak, opna opp for flyktningar frå krigsramma Ukraina og møtt tøffare økonomiske rammevilkår enn på fleire år. Aktivitetsnivået har uansett vore høgt, mellom anna registrerte vi ny rekord med 23 110 publikummarar på dei offentlege arrangementa våre.

Årsrapport og årsplan 2021

Sjølv om også 2021 blei prega av koronapandemien på NMH, har aktiviteten vore halde oppe heile året, med gode resultat. Eit nytt rektorat blei valt i februar, og starta opp 1. august, samtidig med eit nytt styre.

Årsrapport 2020

Koronapandemien har prega store deler av NMHs verksemd i 2020. Dei inngripande tiltaka, innført 12. mars, har påvirka heile breidda av aktivitetar, frå utdanning og forsking til konsertar og organisasjonsutvikling. Stadige endringar av smittesituasjonen har ført oss inn i ei tilstand av kontinuerleg beredskap.

Årsrapport 2019

Årsrapporten 2019 fortel om ein høgskole som har vokst ut av lokala, og som på slutten av året planlegg flytting for deler av verksemda. I 2019 blei oppdateringa av NMHs strategiske plan «I samspill – strategi 2015–2025» fullført og arbeidet med å revidere fagleg stillingsplan sett i gang.

Årsrapport 2018

Årsrapporten for 2018 bærer preg av evaluering og planlegging. Den viser breidda og omfanget av dagens aktivitet og gir et innblikk i pågåande strategiske prosessar.

Årsrapporten teiknar eit bilde av ein institusjon som trekk pusten, og gjer seg klar for framtida.

Årsrapport 2017

Årsrapporten for 2017 viser at året har vore prega av endringar, evalueringar og omorganiseringar. Vi held posisjonen vår som landets fremste musikkutdanning.

Vi fortset å levere resultat på høgt nivå og rettar i større grad enn tidlegare blikket utover oss sjølv. NMH er ein institusjon i rørsle.

Tidligere årsrapportar

Publisert: 2. apr. 2020 — Oppdatert: 24. jun. 2024