24.–28. april deltok fleire NMH-studentar på eit Erasmus-prosjekt i Køln. Business & Arts Sustainable Development LAB (BAIL) er eit tverrfagleg kurs der musikk, scenekunst og andre kunstfag blir kopla med eit breitt spekter av fagområde som økonomi, marknadsføring, leiing, informatikk, digitalisering og sosiale medium. Konseptet er tilsvarande kurset European Creative Futures (ECF), som Noregs musikkhøgskole var vert for i januar.
I BAIL er målsettinga sterkare retta mot FNs berekraftmål. Dette er nye fagområde for studentane våre, og gruppearbeida handlar om å utnytte kvarandres supplerande kompetanse og samarbeide godt. Dei endelege presentasjonane viste at NMH-studentane klarte å prege prosessane og presentasjonane svært positivt med kompetansen sin. Dette er ofte ei utfordring ved tverrfaglege prosjekt. Dei tre vinnargruppene – beste ide, beste presentasjon og beste «overall project» – hadde alle studentar frå oss: Karolina Le, August Schieldrop og Mathias Liodden.