Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Samklang frå eit trommerom

Kvar veke, i eit rom fylt til randen av trommer, møtast Håkon Høgemo og Kjell Tore Innervik for å utforske samklangen mellom hardingfela og slåttetromma. Bak seg har dei dagesvis og månadsvis med øving og utprøving.

For nokre år sidan heldt Kjell Tore Innervik på å jobbe med musikken til Iannis Xenakis. I stykket Psappha såg han berre nokre prikkar på eit papir. Får å få ei djupare forståing av musikken, søkte han seg tilbake til dei folkemusikalske røtene i Noreg. Og slik blei Xenakis ein slags katalysator for samarbeidet og utforskinga som skjer mellom Innervik og kollega Håkon Høgemo i dag.

– Xenakis var så oppteken av røtene sine i Romania og Hellas. I søken etter identitet og autensitet, følte eg at eg også måtte gå tilbake til der eg kom frå, fortel han og held fram: – Me veit at det har vore trommespel i Noreg i mange hundre år. Det er trommer i Brureferda i Hardanger. Kanskje det betyr noko? Og etter at fotografiet kom, har ein sett at det i fleire bondebryllaup blei spelt både fele og tromme. Nokre gonger står det ei tromme ved sidan av felespelaren, andre gonger er det tydeleg at det er to unike skikkelsar som spelar dei ulike instrumenta.

Og to skikkelsar er det også i studioet til Innervik i tredje etasje på Musikkhøgskolen, der trommer fyller kvar kvadratmeter. Kjell Tore Innervik og Håkon Høgemo har etter kvart tilbrakt mange timar her, stadig på jakt etter det gode samspelet og den gode dåmen. No er det tre år sidan dei starta å spele saman på slåttetromme og hardingfele. Håkon Høgemo, som er lærar ved folkemusikkavdelinga, er i Oslo to dagar i veka og underviser hardingfelestudentane. Men nokre timar på rommet til Innervik blir det nesten alltid når han er på oslotur. For det er nitidig arbeid dei held på med.

Opplæring på vanleg måte

– Eg lærer bort slåttane til Kjell Tore akkurat som eg lærer dei bort til hardingfelespelarar, fortel Høgemo.

– Men første gongen eg høyrer slåttane, skjønner eg ikkje nokon ting. Ikkje skjønner eg melodien, ikkje skjønner eg takten eller fraseringa. Det er fascinerande og komplekst. Heilt til ein skjønner det, legg Innervik til.

Hender spiller på slåttetromme.

For dei to handlar det om å halde på det unisone spelet. Å skulle flytte melodilinjene over frå fela til tromma, er ein stor operasjon som Innervik har brukt mykje tid på.

– I byrjinga kunne eg bruke ein månad på å finne ut kva som var greia med kvar slått. På kvart sekund er det rundt 12 slag på tromma.

I oppstarten av prosjektet, var begge nysgjerrige på korleis musikken kan ha høyrdes ut i fortida. For det som er skrive ned for trommer, går ikkje nødvendigvis heilt saman med den same musikken som er skriven ned for hardingfele. Men nokre idear sameinar desse, og det tok dei vare på og med seg vidare.

Bordunspel på tromma er noko av det Innervik jobbar spesielt med i samspel med Høgemo.

– Det er mogleg å halde eit underlag her, ein bordun eller ein understraum. Men det viktigaste er kanskje å spele ein melodi. Frå ein trommeslagars perspektiv kan mykje av musikken bli ganske vertikal. Men å jobbe med horisontal musikk, og å kome såpass tett på meoldien, var for meg personleg utruleg fascinerande. Me bestemte oss tidleg for å ta det heilt ut, ved å seie at eg skal spele akkurat det som Håkon spelar.

Sjølv skildrar dei samspelet som eit utforskande prosjekt, der strategien er å grave seg ned i musikken og sjå framover. To disiplinar, to utøvarar møtast og brukar uendeleg med timar på instrumenta sine. Det handlar om handtverk, om å setje seg i odde situasjonar, forstå historiene til musikken, utan at dei skal henge på som lodd.

Då dei spelte i ei amerikansk kyrkje, hadde dei eit heilt nytt publikum, som oppfatta musikken som meditativ. Og nyleg spelte dei slåttane for eit yngre publikum, blant anna ein dansar som skildra det som ein tilstand.

– Det blir spennande å spele det for folkemusikarar. For det er viktig for oss å finne ut kva musikk dette er, seier Innervik.

– Ikkje fire ein millimeter

Håkon Høgemo har spelt mykje i band og er difor godt vand med å spele saman med trommeslagarar. Men ikkje på den måten han spelar med Kjell Tore Innervik på. I staden for at trommeslagaren underdeler og spelar noko anna, spelar altså hardingfela og tromma den sama melodien i denne konstellasjonen.

– Mange som spelar fele meiner nok at trommer er for sterke. Men eg har kraftige feler, seier han før han ser på Innervik og legg til: – Men det kan jo hende du må spele svakare enn normalt her. Dynamisk gjer eg nok mindre enn det eg normalt ville gjort. Men det viktigaste her er å få fram driven.

– Det handlar om å få folk til å bevege seg til musikk – det er det denne musikken i utgangspunktet er til, seier Høgemo. I tillegg til danseslåttar, har dei også spelt nokre rolegare brureslåttar. Likevel er det rørsle det handlar om.

– I byrjinga kunne eg bruke ein månad på å finne ut kva som var greia med kvar slått. På kvart sekund er det rundt 12 slag på tromma.

Kjell Tore Innervik Slagverker og førsteamanuensis

– Men materialet er annleis enn det ein ofte forbinder med marsj, som den taktfaste 1900-talsmarsjen. Eg opplever at dette materialet er meir organisk. Og det treng me, då byrjer det å bli meir musikk. Mange vil kanskje tenkje at denne musikken er veldig anti-trommete, seier Innervik.

– Men han er verkeleg ikkje anti-fele. Eg spelar eigentleg heilt slik eg gjer til vanleg, legg Høgemo til.

Innervik fortel at nettopp det har vore viktig for samarbeidet.

– Eg har sagt til Håkon at han ikkje må fire ein millimeter.

Jobbar på mikroskopisk nivå

Mykje av melodimateralet på slåttane, som stort sett kjem frå Høgemos heimtrakter i Indre Sogn, er forholdsvis enkelt.

– Men det blir ikkje enklare enn ein gjer det til. Det er mange lag, og det er dei me jobbar med. Kva gjer til at dette blir meir enn ein enkel melodi, og noko som kan ta tak i folk? spør Høgemo.

For å finne svar, tek dei tak i alle slaga i slåttane, for så å finne ut kva som skjer ned på mikroskopsik nivå.

– Eg har blitt voldsomt klar over at eg spelar ganske likt frå gong til gong, at eg finn ein spesiell måte eg liker å spele kvar einskild slått på, seier Høgemo.

Innervik er einig, og seier at grunnelementa i slåttane er like, men at ting likevel endrar seg når dei er ute og spelar for folk. Og kvar slått har sin eigenart.

– På eit nivå er det likt, men på mange andre nivå er det likevel ikkje det. Ein kan ikkje programmere Håkon. Han er ein levande musikar med inspirasjon og innfall, og så er det mange kodar i samspelet. Eg syns eigentleg ikkje det er så stor forskjell på korleis kreative musikarar spelar i slike situasjonar.

Etter halvanna år saman med dette prosjektet, fann Kjell Tore Innervik og Håkon Høgemo ein måte dei bruker å jobbe ut ifrå. Når dei treffast, kjem som regel Innervik med noko han har førebudd, noko han har lært av Høgemo tidlegare.

– Då kan eg vise fire-fem ulike versjonar til Håkon, og så speler me bare saman til det går seg til. Så går eg tilbake med ny erfaring. Slåttetilfanget har auka, og gjennom å lære fleire slåttar forstår eg essensen og ser ting stadig tydelegare. No går arbeidet litt fortare.

Ikkje rocket science

Når Innervik angriper musikken Høgemo viser han, må han ha video av spelemannen, der han både ser føtene og fingrane. Så skriv han ned det som skjer i slåtten. Mange småting skal på plass, og det er dei små detaljane som gjer om det høyres rett eller gale ut. Det er dei opne om i dialogen seg imellom.

– Eg spør ofte Håkon om han høyrer det han skal høyre når eg speler. For det er berre han som kan verifisere deg eg gjer, seier Innervik.

– Utifrå måten eg kjenner slåtten på, kan eg seie noko om korleis Kjell Tore spelar han på tromma. Det handlar blant anna om tyngde. Det er sjølvsagt vanskeleg, for eg kan i utgangspunktet ikkje noko om dei tekniske trommetinga. Eg har stort sett drive med opplæring av hardingfelespelarar, men eg høyrer at det også kan vere vanskeleg for mange av dei å gjere akkurat det same som meg. Eg seier ikkje at eg har rett, men det å skulle ta nøyaktig etter det andre gjer, kan ofte vere vanskeleg uansett, fortel Høgemo.

– Det er ikkje akkurat rocket science me held på med, men det tek bare veldig lang tid. Og eg synast me har vore flinke til å til å ta oss tid. Halvanna år er jo lenge, men likevel ikkje så lenge. Me må få den arbeidsfreden me treng. Det me prøver å finne ut, er jo om desse to tradisjonane kan møtast igjen, seier Innervik.

Før prosessen er over, har musikarane opparbeidd seg nye ferdigheiter og tileigna seg mykje dei tek med tilbake til musikantskapa sine.

– Det er noko med det menneskelege møtet. Det å vere kompormisslause saman, å ikkje ha noko å skjule seg bak. Det er eit priviligiert prosjekt, det at me er to musikarar som får stille dumme spørsmål og bare jobbe på og finne saman i musikken, seier Innervik.

– Det er ikkje akkurat rocket science me held på med, men det tek bare veldig lang tid.

Kjell Tore Innervik prosjektleiar
Nærbilde av slåttetromme.

Gammal tradisjon

Det finst fleire skriftlege kjelder på at tromme og hardingfele har blitt spelt saman. Spesielt på Vestlandet har dette vore ein tradisjon langt tilbake. Der er også fleire trommeslåttar nedskrivne på noter.

– Me veit ikkje kva dei spelte, men på dei nedskriftene som finst, er det ein slags melodi. Det er ikkje berre ein groove eller rytme som er skriven ned, seier Høgemo.

Likevel har ikkje samspelet på dei to instrumenta vore særleg utbreidd verken før eller no.

– Motivasjonen er ikkje å finne opp kruttet, men å utforske. Me veit om historiene frå vestlandsregionen om samspelet mellom hardingfele og tromme, men eg trur det stikk djupare enn som så, seier Innervik.

Nå som dei har fått på plass mykje av bakgrunnen til samspelsforma og kjenner til historia er det lettare å gå vidare med den kreative utviklinga. Innervik fortel at dei dveler ved spørsmål som om denne musikken er heilt spesiell, om ein kan tenkje på det som klassisk musikk, eller som historisk informert praksis. Med ulike innfallsvinklar kan dei kome ut på den andre sida med forskjellige svar.

I prosessen dei er i, har dei utsett vala. Nokre ting kan dei jobbe med i fire veker, for så å forkaste det. Plutseleg kan Innervik prøve ei heilt anna inndeling. Dei må tillate seg å sjå på musikken frå ulike vinklar, meiner dei to musikarane.

Gjennom dette FoU-prosjektet brukar dei arbeidstid dei har på Musikkhøgskolen, og i tillegg er Arne Nordheim-senteret inne og støtter økonomisk.

– Det me held på med er supernerdete ned til det minste musikalske element, men prosjektet peikar både framover og bakover. Det genererer kunnskap og erfaring, og så blir det forhåpentlegvis noko som er verdt å høyre på. I tillegg gir det oss andre idear og ufordrar oss, meiner Innervik.

Dei er begge to einige om at dette ikkje hadde vore mogleg å få til om dei ikkje begge to var tilsette ved Musikkhøgskulen. Så langt har det gått med uendeleg mange timar til arbeidet. Kva det skal ende opp som til slutt, veit dei ikkje heilt endå. Det er det dei skal finne ut på vegen vidare.

– Nå må me over i større problemstillingar. Me skal blant anna jobbe med andre, slik at me får tilgang på andre idear. Det trur eg me treng. Men samtidig er det ok at det berre er oss to også. Er det god musikk, så står det seg uavhengig av noko anna, avsluttar Innervik.

Artikler relevante