Anslaget i Morgenbladets reportasje fra 11. august karakteriserer en disputas 6. juni 2023 på NMH:
«Midt på podiet i auditoriet på Norges musikkhøgskole er eit akkordeon plassert på ein stol. Vi som sit i salen, ventar spent medan ein av dei som har utmerka seg i bruken av klassisk akkordeon – ein mager dansk musikar med briller, Andreas Borregaard – nærmar seg instrumentet. Men han plukkar det ikkje opp. Som ein tsjekhovsk pistol står akkordeonet taust ved sidan av medan Borregaard siterer Sokrates, snakkar om fenomenologi og forklarer korleis han har granska rørslene i kroppen sin under konsertar og forska på praksisen sin som musikar gjennom å utføre denne praksisen. (...) Ein time seinare er den innleiande fanfaren idet rektor, kommisjonen og kandidaten kom inn i auditoriet, framleis dei einaste musikalske tonane som har klunge under denne disputasen på Musikkhøgskolen. Men så, mot slutten av presentasjonen og før dei to opponentane skal starte utspørjinga, nærmar musikaren seg omsider instrumentet sitt, lyftar det opp og byrjar å spele atonalt medan han skrik: 'Bla, bla, blaaaaaa! Shut up! Shut the fuck up!'»