Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kandidatundersøkinga 2024

Leah Engevold spiller keys-gitar på Nasjonal jazzscene, sammen med Emil Bø, Kristina Fransson og Henrik Bakka.
Etter eksamenskonserten ber det ut i arbeidslivet. Korleis går det? Bildet er frå eksamenskonsert våren 2024. Frå venstre Emil Bø, Kristina Fransson, Henrik Bakka og Leah Engevold.

Korleis går det med dei musikkutdanna etter endt studium? Kva jobbar dei med, korleis trives dei og korleis vurderer dei relevansen på utdanninga?

I august og september 2024 vil alle som har fullført ein bachelor- eller mastergrad i utøvande eller skapande musikk ved ein norsk musikkutdanningsinstitusjon bli invitert til å delta i Kandidatundersøkinga 2024.

Over ti år sidan sist

Det er over ti år sidan ei slik undersøking blei gjennomført forrige gong, og både det nasjonale og det internasjonale samfunnet og arbeidsmarknaden har endret seg mykje sidan då.

Kvifor kandidatundersøking?

Vi ønsker med undersøkinga å få eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om korleis det er å arbeide som musikar i dag, for å kunne gjere musikkutdanningane meir relevante for det arbeidslivet studentane våre skal ut i.

Undersøkinga blir gjennomført av Telemarksforsking.

Vi vil gjere musikkutdanningane meir relevante for det arbeidslivet studentane våre skal ut i.

Difor treng vi oppdatert kunnskap
To tretrommer.

Kven skal delta?

Kandidatar frå dei 10 FUM-institusjonane som blei uteksaminert i 2013, 2014, 2018, 2019, 2022 og 2023 vil bli inviterte til å delta.

FUM-institusjonane inkluderer musikkutdanningane ved

  • Noregs musikkhøgskole
  • Universitetet i Tromsø, Musikkonservatoriet
  • NTNU, Institutt for musikk
  • Universitetet i Agder, Fakultet for kunstfag
  • Universitetet i Bergen, Griegakademiet
  • Høgskolen Kristiania, Institutt for musikk
  • Barratt Due musikkinstitutt
  • Universitetet i Stavanger, Fakultet for utøvande kunstfag
  • Kunsthøgskolen i Oslo, Operahøgskolen
  • NLA Høgskolen, Avd. for musikk

Kontaktperson

Artikler relevante