Trompet, horn, trombone, eufonium og tuba er hovudinstrumenta, men det er òg mogleg å studere nokre instrumentvarianter som valemne, både historiske og moderne.
Messinglærarane har brei erfaring både frå profesjonelle orkester, som solistar og kammermusikarar. I tillegg til utøvande karrierer, deltek dei i utviklingsprosjekt (FoU) ved Musikkhøgskolen, ofte saman med studentane.
Meisterklasser og workshops
Leiande solistar og orkestermusikarar kjem jamnleg for å gi meisterklasser og innblikk i den internasjonale musikkverda. I tillegg tilbyr vi workshops med annan ekspertise, mellom anna alexanderteknikk.
Musikkliv i endring
Messingmiljøet er ope for nye krav frå eit musikkliv i endring. I tillegg til instrumentalferdigheiter på høgt nivå, kan ein profesjonell karriere i dag vere avhengig av å skape sin eigen arbeidsplass. Uansett framtidige arbeidsoppgåver, treng utøvarane eit stort og variert repertoar og evne til å kunne skifte mellom ulike stilepoker, frå barokk til samtidsmusikk.
Nye undervisningsformer og metodar blir testa ut i tillegg til tradisjonell undervisning. Individuell undervisning på hovudinstrument blir supplert med klassetimer, der utøvarane får tilbakemelding frå medstudentar og lærarar.