Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Treblåsermiljøet er ope for nye krav frå eit musikkliv i endring. I tillegg til instrumentalferdigheiter på eit høgt nivå, kan ein profesjonell karriere i dag vere avhengig av å vere i stand til å skape sin eigen arbeidsplass. Uansett framtidige arbeidsoppgåver, treng utøvarane eit stort og variert repertoar og evne til å kunne skifte mellom ulike stilepoker, frå barokk til samtidsmusikk.

Solospel, store og små kammergrupper, sinfonietta- og symfoniorkesterprosjekt gir breidde i musikarerfaringa. Individuell undervisning på hovudinstrument blir supplert med klassetimer, ofte med akkompagnatør, der utøvarane får tilbakemelding frå medstudentar og lærarar. Gruppe av blåsarar gjennomgår sentralt orkesterrepertoar, også som del av førebuingane til prøvespel i orkester. Skolen har eit samarbeid med dei profesjonelle orkestra i byen, der studentane får høve til å søke praksisplass. Workshops med internasjonale instrumentallærarar og annan ekspertise, mellom anna instruktørar i alexanderteknikk, er også med på å prege miljøet.

Studer treblås på NMH

Tilsette på treblås

Sjå alle tilsette

Studiemuligheter

Historier

Konserter Kommende

Prosjekter Relevante

Publisert: 10. mar. 2020 — Oppdatert: 12. jul. 2024