Fagområder: Oppføringspraksis og musikkpedagogikk
Utfordring av musikalsk kanon: Framkalling av mangfald i praksis og teori
På kva måtar kan vi utfordre og utvide rådande kanoniske tradisjonar innanfor ulike studie- og undervisningsmiljø ved NMH?
Samandrag
Forskingsprosjektets originaltittel er «Challenging musical canons: evoking diversity in practice and theory».
Challenging musical canons er eit felles forskings- og utviklingsprosjekt som stiller følgande spørsmål: på kva måtar kan vi utfordre og utvide rådande kanoniske tradisjonar innanfor ulike studie- og undervisningsmiljø ved NMH?
Den vestlege musikkhistoria har i stor grad favorisert mannlege komponistar, musikarar og tradisjonsberarar, medan kvinner og ikkje-binære ofte har blitt oversett av historieskrivarar, deira bidrag har blitt forminska, eller dei har mangla moglegdom til å delta i musikklivet på lik linje med menn. Dette har bidrege til musikalske kanonfortellingar der viktige personar, musikalske uttrykk og perspektiv manglar.
I forskings- og utviklingsprosjektet Challenging musical canons ønsker Eva Beneke (førsteamanuensis i klassisk gitar, NordART), Guro Gravem Johansen (professor i musikkpedagogikk, CERM/Karlstad universitet) og Gjertrud Pedersen (førsteamanuensis i musikkhistorie, NordART) å utvikle nye måtar å formidle musikkhistorie og musikalsk praksis.
Prosjektet er eit samarbeid mellom fleire fagområde innanfor forskingssentra CERM og NordART.
Formidling
I samband med kammermusikkveka hausten 2023 tok Beneke, Johansen og Pedersen initiativ til å rette søkelyset mot kjønn og kjønnsmangfald i musikk. I løpet av denne veka arbeidde studentane med musikk av kvinnelege komponistar og tradisjonsberarar.
Øvrig formidling:
- Presentasjon fellesdag for NMH-tilsette 24. august 2023
- Konsertforedrag Ultima Kompass 14. september 2023
- «Kjønnsmangfald i musikken», paneldebatt og konsert, NMH 7. november 2023
- «Kvinner i musikken», årleg kurs for bachelorstudentar ved NMH
- Presentasjon på NordARTs festival Ding-dong 4. april 2024
- Eva Beneke: plateutgjeving «Et aliae» med musikk for gitar, omslagstekst av Gjertrud Pedersen
- Konsertforedrag og verkstad ved Musikhögskolan Ingesund 14. mai 2025
- Fagfellevurdert artikkel basert på intervjustudie med musikkstudentar (under arbeid)
Artikler relevante
Publisert: 30. okt. 2023 — Oppdatert: 14. okt. 2025