Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Med spelerom og gode diskusjonar

Svarthvitt-portrett av Vidar Sæther

Vidar Sæther har teke med seg erfaringane frå utdanninga si til arbeidet ved musikklinja ved Ålesund vidaregåande skule, og som grunnlag for bloggar om både musikkteori og læring. Han fortel om eit studieløp med eit fantastisk miljø og mykje fagleg innhald. Somme gonger litt for mykje. – Med mange hjartebarn i fagplanen, vart det vanskeleg for oss som tok imot å sortera, hugsar Sæther.

For Vidar Sæther har musikkinteressa alltid bygd på det sosiale i samspelet med andre. Mykje av tida hans på vidaregåande og ved Toneheim folkehøgskule var dedikert til spel i band. Då han studerte matte og kjemi eit år, fekk han òg revurdert ønsket han først hadde om eit utøvande jazzstudium i Trondheim. Søknaden gjekk heller til musikkpedagogikklinja i Oslo.

– Det var fint at eg hadde fått litt tid til å tenka over kva eg ville. Med det pedagogiske studiet kunne eg få ein solid plattform å stå på, både innan det utøvande og for læraryrket seinare. Begge delar er viktige for meg, seier han.

Tradisjon for utforsking

Då han starta ved NMH krinsa forventningane hans mest om det faglege innhaldet. Men han opplevde tidleg at medstudentane, miljøet kring utdanninga, hadde ein stor verdi.

– Den gongen var det overveldande at dei andre utøvarane, dei dyktige folka eg studerte i lag med, kunne bidra til å gjera studietida så bra. I dag veit eg jo kor viktig miljøet er i ein læringssamanheng – og dermed kor viktig det er å jobba for å skapa ein slik god kultur, seier han.

– Eg har alltid vore ein som likar å sjekka ut ting, og på jazzpedagogikklinja fann eg rom for det. Kanskje har retninga større tradisjon enn andre for å kunna utforska ulike uttrykk og leita på eiga hand.

Vidar Sæther NMH-alumn

Det var særleg viktig at studentane heia på kvarandre, og var opne for eit mangfald av uttrykk, påpeiker Sæther.

– Eg har alltid vore ein som likar å sjekka ut ting, og på jazzpedagogikklinja fann eg rom for det. Kanskje har retninga større tradisjon enn andre for å kunna utforska ulike uttrykk og leita på eiga hand. Eg opplevde det fritt, var ikkje redd for å gjera feil, men var trygg på at eg fekk ha mi eiga stemme. Torgrim Sollid, den karismatiske mentoren vår, heia på oss uansett kva som skjedde. Han let oss følgja hjarta våre i spelet, sjølv om han òg hadde ting han ville formidla.

Struktur og diskusjonar

Å skapa ein god læringskultur kan òg handla om å gje rom for gode diskusjonar. I så måte var det professorane Ingrid Maria Hanken og Geir Johansen som sette det sterkaste avtrykket.

– I lag hadde dei to ein flott struktur på timane sine, som eg ofte har tenkt på i ettertid. Særleg Ingrid klarte å skapa fantastiske diskusjonar, der alle vart rivne med. Kanskje handla det om at ho etter å ha sett oss i gong, let oss driva samtalen sjølv, samstundes som ho nytta spørsmål til å dra oss inn att mot emna me heldt på med. Det finst jo òg forsking som viser at mange i læraryrket ikkje klarer å venta lenger enn 3–5 sekund etter å ha stilt eit spørsmål før dei svarer sjølve, eller stiller spørsmålet på nytt, går vidare. Ingrid gav oss tid, seier Sæther, og legg til:

– Timane til Bjørn Kruse i arrangering og komponering lika eg òg – denne opne haldninga til faget, samtidig som timane var gjennomtenkte.

Like optimalt fungerte ikkje musikkhistoriefaget, meiner Sæther. Bakgrunnen var metodikken. For i fleire av timane, opplevde han at det vart lest opp frå notat som var skrivne for lenge sidan.

– Å lesa kan ein jo gjera sjølv. Ein blir vel kanskje særleg opphengt i dette når ein er oppteken av det pedagogiske. Dei hadde jo oversikt over faget, men det mangla litt på læringsstrukturen, for oss som er opptekne av dette. Kanskje er det ikkje så rart at eg opplevde å finna dei dyktigaste pedagogane nettopp innanfor pedagogikkfeltet.

Nødvendig kompleksitet?

Men også innan sitt eige fagområde har Sæther innvendingar. I fagkrinsen låg mykje matnyttig for ein framtidig lærar: det å forstå kva ein kultur er, korleis den og samfunnet utviklar seg, forstå psykologi og relasjonar, korleis ein kan bygga eit klassemiljø, få verktøy til å gjera faglege vurderingar. Alt var relevant, understrekar han.

– Men eg var nok ikkje heilt klar til å ta inn alt på likt. Det vart etter kvart så mange hjartebarn i fagplanen, som om alle involverte hadde fått setja inn storparten av det dei gjerne ville ha med. Då vart det vanskeleg for oss som tok imot å sortera. Ein del litteratur var vanskeleg tilgjengeleg og skapte ikkje kjensla av at det var nyttig i min eigen praksis.

Denne typen erfaringar vonar Sæther at ein fangar opp i den vidare utviklinga av studiet.

– Emneområdet er komplekst, men kanskje treng ein ikkje å gjera det så omfattande likevel. Heller enn å lesa om ulike pedagogiske syn, kunne ein kanskje gått rett på forskinga på pedagogikk i klasserommet. Mykje av materialet er det like relevant å tileigna seg sidan. Faget krev erfaring, ein kan ikkje vera ferdig utlært etter utdanninga. Kanskje burde ein tenkt annleis om utdanninga, at hovudpoenget var å leggja ein god og spissa basis, som den enkelte kunne byggja vidare på i form av vidareutdanning med jamne mellomrom?

Hald på leiken!

Etter studiet har Sæther vore timelærar ved NMH. Då tok han og fleire andre initiativet til eit tverrfagleg samarbeid, «Samspel på tvers», der utøvarstudentar på tvers av linjene var inviterte til å improvisera saman. Tilbodet var først studentstyrt, men seinare vart det fylgt opp av valfaget «improvisasjon på tvers av linjer».

– Det var fint å få bidra til at studentane kunne halda på med musikken i eit leikent format. Ein bør ikkje lukka dørene att for dette. Men opplevinga mi generelt er vel at høgskulen kan vera fanga i sin eigen kultur, der tradisjonane og praksisane innan ulike fagfelt er vanskelege å endra, og altså leika med, seier han.

– Det var fint å få bidra til at studentane kunne halda på med musikken i eit leikent format. Ein bør ikkje lukka dørene att for dette.

Vidar Sæther NMH-alumn

Ved NMH arbeidde han òg med improvisasjon og komposisjon for musikkterapistudentane. Både her, og i arbeidet ved kulturskular og ved lærarutdanninga på Høgskulen i Volda, nytta han mykje av materialet frå Bjørn Kruse si undervisning.

– Når ein tenkjer komposisjon lausrive frå enkeltnotar, og heller jobbar med strukturar og former, blir det relevant for mange som ikkje har inngåande musikalsk bakgrunn. Skal du læra unge menneske noko om det å komponera, kan det vera ein god innfallsvinkel. Kanskje finst det tredjeklassingar som kan komponera med akkordar. Men om ein startar med dette som premiss, vil ein bomma på ei stor gruppe av elevane, meiner Sæther.

Frå frustrasjon til blogg

I dag arbeider han ved musikklinja på Ålesund vidaregåande skule, og har lagt vekt på å vera aktiv innan ein brei rekke av fagområda dei tilbyd: utøving, samspel, instruksjon og leiing, lyttefag, musikkfordjuping og musikk i perspektiv. For sistnemnde var han med i læreplangruppa for VG2 og VG3 til Fagfornyinga, den siste revisjonen av dei nasjonale læreplanane. Her var eitt av måla hans å gjera faget til eit historiefag i vidare forstand.

I tillegg er han utøvar og komponist – og han har utvikla fleire bloggar. Den største, musikkteori.net, kom til i 2010. Per i dag inneheld bloggen meir enn 100 innlegg om skalaer, akkordar, klang, instrumentering, rytme og meir.

– I mitt eige arbeid med å laga musikk sakna eg ein god teoretisk bakgrunn. Eg kjøpte bøker, men opplevde at emna ikkje blei godt nok forklart for meg, for eg hadde behov for å sjå meir av teorien i praksis. Då leita eg etter videoar på YouTube. Men videoane inneheldt stort sett enkeltemne. Når eg var ferdig med eitt, fanst det inga naturleg oppfølging.

Bloggen oppstod altså ut frå ein frustrasjon, men har blitt eit pedagogisk opplegg, som stadig fleire nyttar.

– Idealet var at alt skulle vera lettfatteleg, i eit enkelt språk, og det har ikkje vore meininga å berre leggja fram fakta, men òg leggja til rette for læring. Mykje av det eg har med meg frå utdanninga mi ved NMH har danna grunnlag for arbeidet. Så byggjer ein vidare, slik er det vel for all verksemda mi, seier Sætre.

Du har etter kvart ei brei erfaring innan mange musikalske arbeidsområde. I lys av erfaringa di, har du nokre ønske for NMH i framtida?

– At ein opnar seg endå meir for endring, og tør å sjå meir radikalt på strukturane ein jobbar i! På musikklinja har me nyleg vore gjennom ein endringsprosess. Før kunne opp mot 25 lærarar vera innom for å undervisa i småfag. Få hadde oversikt over heilskapen i læringa eller elevgruppa. Me valde å samla ressursane, delte elevane i grupper, som så kunne ha kvar sin lærar i fire timar om gongen. Ein får jobba konsentrert med emne over tid, og når lærarane er der det same strekket, vert dei godt kjende med elevane, det oppstår ein annan heilskap kring læringa. Slik trur eg ein kunne arbeidd meir på høgskulen òg, ein burde undersøkt korleis ein i større grad kunne byggja team rundt klassen og enkeltstudentane. Éin av nøklane til eit heilskapleg studium er å skapa gode lærargrupper, gode samarbeid.

Jubileum 2023–2024

Artikler relevante