Kva krefter var avgjerande for at vi fekk ein statleg norsk musikkhøgskole i 1973, 90 år etter at Ludvig Mathias og Peter Lindeman starta opp sin organistskole, seinare Musikkonservatoriet i Oslo (MKiO)? Kor stor plass har undervisning, utøving og ulike sjangrar hatt i musikkutdanninga i hovudstaden opp gjennom historia? Korleis har dei mest kjente norske musikarane prega institusjonane, og kva har vore hjartesakene til leiarane?
NMHs historieprosjekt er eit samarbeidsprosjekt mellom Noregs musikkhøgskole (NMH) og Lindemans Legat. Prosjektet tar ikkje mål av seg å svare utfyllande på alle desse spørsmåla, og andre vil kome til, men nokre av dei er sentrale for arbeidet fram mot 50-årsjubileet i 2023. Målet for prosjektet er å få fram forsking om, og dokumentasjon av, MKiOs og NMHs tilbliing, utvikling og verksemd. Det vil også sjå verksemda i relasjon til kultur- og musikkutdanningshistoria generelt, både nasjonalt og internasjonalt.
Musikkhøgskolens historieprosjekt
I 2023 fyller Noregs musikkhøgskole 50 år. Historieprosjektet bidrar til jubileet med forsking på, og dokumentasjon av, verksemda til institusjonen gjennom mange år.
Aktuelt
-
NyhetJubileumsutstillingen
-
FagstoffBokslipp: En reise gjennom kirkemusikken
-
HistorieTo hus på 34 år – om byggene som huser NMH
-
StjernedryssGode omtaler av jubileumsboka
-
HistorieImprovisasjon, omsorg og lek
-
HistorieÅ bidra i det store hjulet
-
Fagstoff«Å samle gamle instrumenter, er absolutt nødvendig…»
-
HistoriePianist med frie tøyler
Publisert: 11. mar. 2020 — Oppdatert: 16. okt. 2024