Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Reisebrev frå Stuttgart

Hei NMH! Mitt namn er Cecilie, og eg tar ein bachelor i utøvande horn på Norges musikkhøgskole. Men dette året bur eg ikkje i fine Oslo, for eg er nemleg på utveksling!

Eg tar tredje året i utdanninga mi på Staatliche Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Stuttgart, ein by på same storleik som Oslo, i sørvest-Tyskland.

Eg har visst i mange år at eg ville ta eit utvekslingsår, og for meg blei Tyskland eit veldig naturleg val, på grunn av hornet og musikkens historie her, og at eg allereie kunne litt tysk. Etter å ha spurt meg rundt, fann eg ut at Stuttgart kunne vere ein aktuell plass å søke.

Utsikt med himmel
Utsikt frå skulen.

Eg reiste hit i starten av september, og tida sidan då har vore fylt med å ta språkkurs, flytte inn i ny leilegheit, bli kjent med skulen og systemet her. Eg har no vore her i byen i snart 3 månadar. Det har vore litt forvirrande å byrje semesteret så mykje seinare enn eg er vand til, i tillegg til at oktober var langt varmare her enn det brukar å vere heime, så det er rart at det allereie er snart desember, og at julemarknader byrjar å opne opp i sentrum og nabobyar. Men eg gler meg stort til å oppleve ekte tysk jul her før eg drar heim og får litt norsk jul.

Stemningsfylt handlegate
Julemarknad i Esslingen.

Kvardagen i Stuttgart

Ein vanleg vekedag for meg startar oftast med eit fag om morgonen. Dette semesteret tar eg tre valfag på skulen: yoga, høgskolekor og improvisasjonsensemble. Improvisasjonsensemble er eg spesielt fornøgd med. Vi er ei gruppe på ca. 10 musikarar frå alle studieretningar (og ein biletkunstnar!) med ein utruleg dyktig og inspirerande lærar. Det er eit veldig spanande fag som utviklar kreativiteten min vidare kvar veke. Og i tillegg til å spele saman brukar vi tekst, rom og rørsle i improviseringa, som gjer det veldig gøy og utfordrande. Utover dette har eg speletimar og prøvespillsøving med hornklassen. Resten av dagen blir brukt til øving og lunsj i kantina, og gjerne til å finne nye kafear og utforske steder med vener.

Rom med to mennesker
Innblikk i Improviseringsensemble-time.

Nye lærarar

Den største skilnaden i hovudinstrumentundervisinga er at eg har fem ulike lærarar her. Frå veke til veke kan eg velje kven eg vil ha time med, og eg har då vanlegvis to speletimar i veka. Eg er vand med å berre ha ein/to lærarar, så det er absolutt ei stor endring. Det er veldig givande å få så mange synspunkt og råd, og eg lærar veldig mykje av alle fem, men det kan også bli litt forvirrande å ikkje ha noko som kjennest meir fast, og nettopp å få så mange ulike synspunkt. Det aller meste av undervisinga føregår på tysk, men med mine hornlærarar er eg heldig og har valet mellom tysk og engelsk. Men, det er veldig givande å kjenne på at språkkunnskapane kjem til nytte, at ein forstår mykje meir enn ein skulle trudd og kjenner på utviklinga.

Øverom
Øverom.

Skulen

Eg likar skulen godt. Bygget er veldig spanande med eit svært tårn som inneheld ein konsertsal og som du frå toppen av kan sjå utover byen. Den største nedsida er absolutt at det ikkje er nok øverom i forhold til behov, og det kan fort bli eit slit om du ikkje har planlagt godt nok, eller vil få inn ei økt i «rush-tida». I tillegg blir øverom booka og låst opp med studentkortet, og berre på maskinar inne på skulen. Og om du så berre er fem minutt sein til ein booking, blir kortet ditt sperra i eit døgn! Eller om du plutseleg ikkje trenger eit booka rom likevel, må du fysisk til ein av desse maskinane og slette bookingen før tida startar. Det er ikkje så enkelt som å stikke innom femte etasje når ein vil og gå inn ei ledig dør. Eg hadde nokon frustrerande augneblikk med bookingsystemet i starten, men har heldigvis funne ut av det no!

Himmel mellom høye bygninger

Sentralt i Europa

Eg har det skikkeleg fint på utveksling, og eg merkar det blir verkeleg lettare og meir givande for kvar dag eg er her. Jo lengre inn i semesteret eg kjem, blir eg meir komfortabel og trygg til å ta initiativ og sjansar. Det er masse folk å møte, schwabiske rettar å prøve og turar å ta! Og i Stuttgart er det mykje å sjå med alle slott, mineralbad, museum og marknadar i området (ikkje minst ein av Tysklands beste «oktoberfestar»). Og det beste med å bu så sentralt i Europa er at ein lett kan ta dags- eller helgeturar ut or byen eller landet. Så langt har eg vore i Strasbourg og Zürich, og skal snart til Berlin for fyrste gong!

Tysk mat
Tysk mat.

Berre starten

Sjølv om eg allereie føler eg har opplevd veldig mykje, har eg fortsatt heile 8 månadar igjen av opphaldet mitt. Månadar eg ikkje aner kva vil bringe, men foreløpig vil eg absolutt anbefale alle som har eit ynskje om å oppleve noko nytt, om å søke utveksling! Uansett kva erfaringar du får, på godt og vondt, vil dei vere nyttige. Eg gler meg å sjå kor dette året vil ta meg vidare.

Helsing frå Cecilie

Cecilie Welde.

Artikler relevante