Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Sjølvkritikk og meiningsfulle fellesskap

– Eg kraup opp på orgelkrakken, men eg sette meg aldri skikkeleg til rettes, seier Gaute Skoglund, som meiner kyrkjemusikkutdanninga han tok kan nyttast til det meste. Sjølv har han vore produsent for Musikk i Nordland, festivalsjef for Vinterfestuka i Narvik, verksemdleiar i kommunen og mykje meir.

– Å gå på Musikkhøgskolen var den store draumen, heilt frå eg var svært ung, minnest Skoglund. Då han vaks opp var el-orgelet fast inventar i mange heimar. Orgel spelte han frå 7 års alder, og då han var 13 år høyrde han for første gong ein konsert med kyrkjeorgel.

– Så sat eg der, i ei lita bygd i Nordland og øvde for meg sjølv. Eg hadde fått det for meg at eg ville få til det same! Noko musikalsk kontaktnett innanfor kyrkjemusikken hadde eg ikkje, og ikkje kjende eg nokon som heldt på med klassisk musikk. Men eg kom i kontakt med ein utstasjonert soldat, som tilfeldigvis hadde studert musikk. Av han fekk eg nokre privattimar, og det var han som formidla at Musikkhøgskolen var det høgste ein kunne driva med når det gjaldt musikk.

Innsalet skapte store forventningar, fortel Skoglund.

– Då eg kom inn tenkte eg at no er alt på stell, at all mi uro var over. Stort meir feil kan ein ikkje ta, ler han.

For rett nok var oppstarten med kjennskap til ein ny by og nye menneske ein opptur. Men snart opplevde han å kjenna seg bakom alle dei andre.

– Eg var sjølvkritisk, samanlikna meg med andre, søkte etter døme på at andre fekk til å spela betre enn meg. Det fann eg sjølvsagt. Timane i interpretasjon kunne gje meg mareritt om nettene. Studietida vart slitsam, for eg var fanga i prestasjonskulturen, fortel Skoglund.

Velvilje og nyfikne

Overgangen til å bli student gjekk parallelt med ein annan stor overgang. Heilt i starten av studiet vart han far for første gong, og der mange av medstudentane sto friare til å nytta mesteparten av tida si til studiet, fekk Skoglund eit anna ansvar – og dermed også andre gleder. Kanskje var endringa med på å skapa kjensla av å liggja etter. Men Skoglund er viss på at det å ha fleire verdiar kring seg, var med på å bana vegen for han vidare. Det sjølvkritiske ville vore der uansett.

– Eg har tenkt mykje på denne tida, og vil understreka at oppfatninga mi av studietida ikkje hadde med studiemiljøet å gjera. Lærarane opplevde eg generelt som ekstremt dyktige. Eg oppfatta eit sunt fokus om den psykologiske delen av meistring, ut frå føresetnadene på starten av 1990-talet. Studentmiljøet på kyrkjemusikklinja var fullt av velvilje. Dei seks studentane i min klasse støtta kvarandre og me fekk gode råd og rettleiing frå dei som gjekk over oss. Utfordringane låg i meg sjølv.

Mellom gode impulsar, trekkjer han fram hovudlærar John Lammetun, «verdas hyggelegaste mann».

– Han visste akkurat kva han skulle gjera for å vekkja nyfikna mi. I staden for å gje meg enkle svar, lærte han meg kva eg burde sjå etter for å finna ei eiga retning i stykket, fortel han.

Fagtilbodet lika han òg, særleg valfaga. Mellom anna tok Skoglund med seg så mykje ensembleleiing han kunne. I faga med større grupper vart ein kjend med andre studentar. Her kjende han òg på meistring, og direksjon har dermed vore med som ein del av verksemda seinare. Andre fellesprosjekt står att som høgdepunkt frå tida.

– Prosjekta der heile kyrkjemusikkavdelinga gjorde noko i lag, lika eg godt. Ein gong framførte me Egil Hovland si Allehelgensmesse i Majorstua kyrkje. Enkelte medverka på orgel, andre i koret. Eg opplevde det meiningsfulle i at me var del av ein større heilskap.

Portrett av John Lammetun med påskrift: Direktør Trygve Lindeman. Hjertelig takk til Musik-konservatoriet. 13. mai 1954. John Lammetun
Verdas hyggelegaste mann: Slik omtaler Gaute Skoglund orgellæraren sin, John Lammetun. Her frå hans eige debutfoto frå Musikkonservatoriet i 1954. Teksten seier: «Direktør Trygve Lindeman. Hjertelig takk til Musik-konservatoriet. 13. mai 1954. John Lammetun.»

Fargerike professorar

Det profesjonsretta tilbodet inkluderte ein del kyrkjefag som liturgikk og hymnologi. Skoglund skildrar artige undervisningssituasjonar, og peikar på historier om korleis professorane som arbeidde i sentrumskyrkjene fann vegen til næraste kafé den delen av gudstenesta det var preike. Dei visste nøyaktig kor lang tid dei hadde til kaffikoppen sin.

– Eg kom ikkje frå nokon utprega kyrkjeleg familie og hadde venta å møta bibeltru og litt pertentlege folk. Også der tok eg feil. Ein heil del rebellar fanst i dette studiet. Eg sette stor pris på desse møta med inkluderande og fargerike folk!

Ein heil del rebellar fanst i dette studiet. Eg sette stor pris på desse møta med inkluderande og fargerike folk.

Gaute Skoglund NMH-alumn

Men sjølv om profesjonsstudiet inneheldt matnyttige fag for ein som ville jobba i Den norske kyrkja, hugsar Skoglund at både han og andre gjerne hadde ønska seg meir tid til utøvinga.

– Eg trur mange på studiet vona å bli konsertorganistar, sjølv om det ikkje er noko omfattande behov for dette i kyrkjene i Noreg. Ein kunne bli litt bortskjemt av studieåra med mykje tid og med gode instrument til øving og framføring. Men eit slikt privilegium bør studentar ha: at ein i nokre år kan få leva med draumane sine. Sjølv drøymde eg om å bli så flink at eg kunne konsertera fulltid i Norden og Europa, uavhengig av om det fanst ein marknad for dette eller ikkje.

Ei retningsendring

Då dei fire åra på kyrkjemusikkstudiet var omme, var likevel gleda ved å framføra musikk langt mindre enn før. Der og då grubla Skoglund på om han hadde valt rett studium. Men han erkjente at han hadde lært mykje viktig om seg sjølv.

– Eg elska framleis å øva, og var stadig svolten på å utvikla meg. Det var sjølve framføringssituasjonen som var blitt eit hinder. Og dette var igjen noko av utgangspunktet for at eg med ein gong gjekk andre vegar. Den retningsendringa har eg alltid sidan vore takksam for.

Skoglund tok eit årsstudium med administrasjon og leiing. Dernest vart han tilsett som kulturskulerektor i Bø i Vesterålen. I dette for Skoglund heilt ukjende lokalsamfunnet oppdaga han gleda ved å laga musikalske nettverk. Slike som han sjølv ikkje hadde hatt tilgang til då han sjølv vaks opp.

Kanskje har det at eg tidleg forstod at eg ikkje lika prestasjonskulturen, og tok konsekvensen av det, gjort at eg i dag er meir avslappa i konsertsituasjonen.

Gaute Skoglund NMH-alumn

I åra sidan har han arbeidd både i det frivillige og det profesjonelle musikklivet. Han har vore administrator, pedagog, kunstnarleg leiar på ulike nivå, produsent for Musikk i Nordland, festivalsjef for Vinterfestuka i Narvik og verksemdsleiar og seniorrådgjevar i kommunen – i sistnemnte stillingar med ansvarsområde som strekkjer seg breiare enn kulturfeltet åleine. Som utøvar har han vikariert som organist, akkompagnert og dirigert.

– Truleg er det arbeidet med barn og unge, og generelt i det frivillige kulturlivet, som har vore mest givande. Å få halda på i eit område med stor breidd, med så mange ulike prosjekt, og gjennomgåande med stor musikkglede har vore givande. Alt saman utan at eg måtte pressa meg til å gjera ting eg ikkje ønska. Kanskje har det at eg tidleg forstod at eg ikkje lika prestasjonskulturen, og tok konsekvensen av det, gjort at eg i dag er meir avslappa i konsertsituasjonen, fortel Skoglund.

Å få strekkja seg mot draumen

Det er i dette balansepunktet han meiner at NMH i sine neste femti år har sin sentrale oppgåve.

– Eg har ikkje vore innanfor NMH sidan eg studerte, og veit ikkje korleis institusjonen har utvikla seg. Men trass i erfaringane mine, meiner eg ein bør verna om den bobla institusjonen er, der forsking og fordjuping er i sentrum. Studentane bør få lov til å strekkja seg mot det høgaste nivået i utøving, og sjå vekk frå somme av realitetane som ventar. Samstundes må ein sjå på dei ulike historiene om dei som mista motivasjonen. Sjølv opplevde eg ikkje at eg klarte å henta det beste ut frå potensialet eg kom med. Og det er i dette ein kanskje bør vera nyfiken, for korleis hentar ein ut det beste av alle? Det er ei stor, men viktig utfordring.

– Du har peika på både utfordrande og givande studieår. Kva vil du seia at du har brukt utdanninga di til?

– Eg kraup opp på orgelkrakken, men eg sette meg aldri skikkeleg til rettes. Slik sett kan ein lura på kvifor eg fullførde kyrkjemusikkstudiet. Men i ettertid kan ein spørja seg om det finst noko av det eg har halde på med der utdanninga ikkje har passa. Utdanninga har vore plattforma for alt eg held på med, for musikkforståinga mi, for metodikken når eg jobbar med det frivillige musikklivet og for den faglege tryggleiken eg har. Eg fekk avklart viktige ting i studietida, er utdanna innan eit fagområde eg aldri kjem til å mista interessa for og har opplevd spanande ting sidan. Det er utdanning for livet.

Jubileum 2023–2024

Artikler relevante