Misha blei fødd i byen Kamjanets-Podilskyj i Ukraina, og musikken hadde ein naturleg plass i oppveksten.
– Mor mi jobba i musikkbarnehage og var min aller første musikklærar. I dag bur ho i Israel og ringer stadig og klagar på det ustemte pianoet sitt, fortel han lattermildt. Med ein far som var professor og forfattar og ikkje minst ein bestefar som var kantor i syngagoga og komponist, var det ikkje rart at oppveksten blei prega av musikk og kultur.
– Eg spelte piano frå eg var fem år gamal, men sjølv om det gjekk lett for meg, var det ikkje særskild spanande. Det som var spanande for meg var at folk gret då dei høyrde musikk. Eg forstod det ikkje, eg gret ikkje. Ikkje før eg var nitten år og høyrde Rakhmaninovs andre pianokonsert, fortel han. Før den tid hadde han, som tenåring på søttitalet, for lengst oppdaga vestleg rock'n'roll og allereie lang fartstid som musikar og musikkstudent. - Men å spele musikk var berre noko som var lett og naturleg for meg, forklarar han. Ingenting hadde rørt og sjokkert han som Rakhmaninovs andre pianokonsert gjorde.
Forboden musikk
I tillegg til dimensjonen rundt gripande kunst var der ein motstand i det å vere musikar for Misha. I Sovjetstaten Ukraina var ikkje den gangen ikkje-vestleg populærmusikk særskild populært frå myndigheitene si side, og det gav han ei spenning i seg sjølv.
– At det var forbudt gjorde det ekstra spennande. Å synge på engelsk var forbode, og eg måtte til politiet fleire gangar saman med mor, der eg fekk streng beskjed om å halde meg til russisk, fortel han. Men det stogga ikkje han, og gjennom oppveksten og ungdomstida spelte han alt frå band og artistar som Beatles, Uriah Heep og Stevie Wonder i alle mulige samanhengar. Samtidig byrja han også tidleg å eksperimentere med å synge på ukrainsk, og den første låta han komponerte sjølv var ein ukrainsk blues. Seinare har folkemusikken spelt ei viktig rolle for han.
I tillegg til sensur frå øvrigheita var der lite støtte frå menneska rundt Misha då han gjekk for ei karriere som musikar.
– Folk syntes eg skulle få meg «ein skikkeleg jobb», og den generelle haldninga var at ingen trong musikk. Mor mi ville at eg skulle bli tannlege, advokat eller snikkar, fordi det var trygt og stabile yrke. Bestefar min, som sjølv var komponist og musikar, sa: «Du må vere lukkeleg! Ikkje musikar! Å vere lukkeleg musikar er veldig sjeldan», fortel han og ler.
Balkanmusikk i bryllaup
Men musikar blei han, og søken etter fridomen i musikken førte han ut av heimlandet. Han flytta hundre kilometer frå heimbyen allereie då han var fjorten for å studere musikk, men usemje med leiinga der gjorde at han etter kvart reiste vidare.
– Eg var ikkje interessert i alle faga dei ville prakke på meg, som til dømes militærfag eller kommunistpartifag. Eg ville spele musikk! Så til slutt blei eg kasta ut derifrå og havna på ein musikkskule i Moldova, forklarar Misha. I Moldova var der meir fridom og fleire som delte hans interesse for folkemusikk.
– Der var det skikkelig balkanmusikk, og etter kvart fekk eg spele i fleire bryllaup. Den gangen tenkte eg at det var noko eg gjorde for å tene pengar, men i ettertid har eg forstått at det var dette som var den ekte skulen for meg, på same måte som jazzklubbane i New York er den ekte skulen for jazzmusikarane der. Eg spelte ofte i bryllaup både fredag, laurdag og søndag og lærte masse av musikk eg ikkje kjente til frå før, fortel han. Slik blei balkanmusikk, saman med klassisk musikk, dei to grunnpilarane i hans musikalske oppvekst.