Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Som dirigent kombinerar du musikalitet og leiareigenskapar, anten du arbeider med kor, korps eller orkester. I tillegg treng du evne til å forme musikken og vilje til å formidle han, interesse for menneske og gode handverksmessige ferdigheiter. Samanlagt gir dette dirigenten moglegheit til å kommunisere med musikarane utan ord.

I løpet av studiet får studentane arbeide med amatørar og med profesjonelle ensemble. Dei fleste studentane har oppdrag i amatørmusikklivet i Oslo parallelt med studia, og det er gode jobbmoglegheiter for ferdig utdanna dirigentar.

Undervisning på hovudinstrument inngår som ein sentral del av programmet.

Det er kanskje det som er det viktigaste for meg som dirigent, at du står der og har noko å seie.

Tabita Berglund Tidl. student

Studer dirigering på NMH

Kordirigering

Orkesterdirigering

Korleiing, kyrkjemusikk

Partiturspel, operarepetitør

Studiemuligheter

Historier

Konserter Kommende

Prosjekter Relevante

Publisert: 10. mar. 2020 — Oppdatert: 24. sep. 2024