Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Merete Holme: Musikkterapi for ungdom med emosjonelle vanskar: ein open klinisk studie

Prosjektets fulle tittel er "I've got music in me." Musikkterapi for ungdom med emosjonelle vanskar: ein open klinisk studie.

Fagområde: Musikkterapi

Samandrag

I psykisk helsevern for barn og unge i Noreg har auken av vanskar som depresjon og angst vore sterk dei siste åra. Emosjonelle vanskar er ofte i kombinasjon med andre psykiske lidingar. Forsking visar moderat effekt av standard anbefalt behandling med ulike typar psykoterapi og eventuelt tillegg av medikament for denne gruppa, og supplerande behandlinger etterspørjast. Kontrollerte studiar av musikkterapi hos vaksne med depresjon og schizofreni viser signifikant positiv effekt på symptomer og forbetringar i daglig funksjon. Vi mangler studier av musikkterapi til ungdom med emosjonelle vanskar. Denne opne kliniske studien gjennomførast ved ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Oslo. Musikkterapien går over 10-12 veker, og inneheld eit individuelt tilbod med fysiske møter kvar veke, samt heimeoppgåve mellom sesjonane.

Hovudmålsetjinga med studien er å undersøkje gjennomførbarheit og erfaring av eit musikkterapiprogram med ungdom, i alderen 14 til 18 år med emosjonelle vanskar. Sekundært vil studien evaluere om musikkterapi som eit tillegg til standard behandling kan gje ein indikasjon på effekt og individuell forbetring for deltakerne. Dette vil seie om musikkterapi kan gi forbetringar i symptom på depresjon eller angst, emosjonell regulering, forbedringer i livskvalitet og dagleg funksjon.

Datainnsamlinga vil føregå med spørjeskjemaer på tre tidspunkter. I tillegg vil intervju av deltakarane bli utført etter terapien for å utforske prosessane om korleis musikk eventuelt kan bety noko for den psykiske helsa til ungdomane. Musikkterapien er basert på ei relasjonell, humanistisk og ressursorientert tilnærming.

Artikler relevante

Publisert: 8. jun. 2022 — Oppdatert: 12. nov. 2024