Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikar på eigne premissar

Silhuettbilde av Jo Asgeir Lie med trekkspill i et goldt rom.

Jo Asgeir Lie har vore leiar i kulturskulen, arbeidd i ei lang rekkje musikalske konstellasjonar, løfta fram kunnskap om trekkspelaren Oddvar Nygaard og laga ein liturgi slik at Den norske kyrkje kunne gå i ei folkemusikalsk retning. Gjennom utdanninga ved Noregs musikkhøgskole søkte han å bli ein fleirspors musikar.

– Det var heilt tilfeldig at eg søkte opptak ved Musikkhøgskolen, minnest Lie. – Planen min var å bli jurist, og på vidaregåande skule hadde eg teke fag som politisk idéhistorie, sosialøkonomi, samfunnsfag og engelsk. Før det lange jus-studiet skulle eg ha eit år på Toneheim folkehøgskole, og det var der det gjekk gale! For å ha noko å jobba fram mot utover hausten, søkte eg opptak ved NMH. Då eg kom inn, måtte eg ta ein fot i bakken. Inst inne var det jo dette eg hadde mest lyst til. Eg kom inn, og var student i sju år.

Etter fire år på det klassiske kandidatstudiet, tok Lie hovudfag innan folkemusikk. Ein medverkande faktor til skiftet var vekekurset ved Ole Bull Akademiet, der Lie arbeider i dag. På 90-talet fekk studentane innan musikkpedagogikk og kyrkjemusikk eit drypp av folkemusikk på Voss. Lie fekk lov til å vera med, for ein hadde opna for at interesserte frå det utøvande studiet òg kunne få plass. Den aktuelle veka vart Lie sitjande i samspel med professor Sven Nyhus. Attende på NMH vart han invitert til timane med gehørspel. Faget var obligatorisk for strykarane, men ikkje for andre.

– Det var slik eg verkeleg kom inn i folkemusikkmiljøet ved NMH. Men eg var ikkje ukjend med sjangeren. Olav Ullestad, læraren min i Voss musikkskule, hadde synt meg repertoar frå heile musikkhistoria. Han var nok litt bekymra over at eg lika så godt å spela gammaldans! Til slutt sende Ullestad meg til Leif Rygg, som tok meg med i Voss spelemannslag. Gjennom heile studietida spelte eg også i danseband, og der spelte me både popmusikk og ein og annan gammaldansmelodi. Eg har nok alt anna enn ein A4-musikkbakgrunn frå NMH, seier Lie.

Opplevde du at institusjonen kunne romma den breidda du hadde som utgangspunkt?

– Kanskje ikkje, når eg tenkjer tilbake på det. Eg kjente meg aldri heilt heime berre i den klassiske verda, og var mykje ilag med jazz/pop/rock-folket, der dei var i kjellaren, liksom i undergrunnen. Det var noko med denne symbolske plasseringa. Om noko kjendest snevert, var det meir profesjonskampen mellom fagmiljøa, der folkemusikk ikkje hadde nokon høg status i starten. Men eg ser at det er ei utfordring å balansera mellom ulike fagmiljø, slik at det blir ein god heilskap for alle. Samstundes finn eg det problematisk at folkemusikkfeltet ikkje har nokon utøvande professorstilling, medan det er mange professorstillingar i andre disiplinar. Sjølv har eg aldri følt at eg ikkje vart akseptert for instrumentet eg spelte eller vala eg tok.

Det praktiske på eiga hand

Som ung student var Jo Asgeir Lie fast bestemt på at han ville ha eit administrativt arbeid å gå til når han var ferdig utdanna. Han peila seg inn mot stillingar som rektor og administrasjonsleiar. Derfor hadde han musikkadministrasjon som valfag, og avslutta utdanninga med eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Han peikar på dette året som eitt av dei beste i studietida.

– Eg opplever at det er viktig å formidla til studentar at ein ikkje treng å vera 100 % frilansutøvar for å vera ein utøvande musikar.

Jo Asgeir Lie NMH-alumn
Portrett av Jo Asgeir Lie som smiler.

Etter eit år som musikkleiar i Ål kommune, fekk han jobb som rektor ved Ål kulturskule. Her var han fram til 2011, då han starta som rektor ved Ole Bull Akademiet. Leiaroppgåvene har likevel ikkje stått i vegen for ei aktiv utøvande og kompositorisk verksemd, mellom anna i folkemusikkgruppa Kvarts, men òg på eiga hand. I 2007 komponerte han ein folkemusikkinspirert liturgi for Den norske kyrkja. Og gjennom det heile har han hatt elevar frå 6 til 80 år.

– Eg opplever at det er viktig å formidla til studentar at ein ikkje treng å vera 100 % frilansutøvar for å vera ein utøvande musikar. Fagtilbodet då eg gjekk på skulen, tok ikkje opp i seg den slags tematikk. Faktisk var det lite eller ingen tankar om kva som venta etter studietida i det heile. Den gongen snakka ein nok meir om kunsten, med store bokstavar, og korleis ein kunne gjera kvar einskild utøvar best mogleg til å framføra repertoaret ved eksamen. Å bli dyktig, er sjølvsagt viktig. Men me lærte ikkje mykje om kva eit enkeltmannsføretak var for noko då eg studerte, fortel Lie.

Medan desse temaa har ein sterkare plassering i utdanningsinstitusjonane i dag, utforska Lie den praktiske delen av framtida litt på eiga hand. Men han hadde gode rettleiarar. Professor i akkordeon, Jon Faukstad, var essensiell, både sosialt og fagleg.

– Og han som no er 90 år, Sven Nyhus! Sven tilhøyrde ein annan generasjon, men tok meg under vengene side, rettleia meg til å følgja retninga eg lika best. Då eg spurde om råd til emnet for hovudfaget, insisterte han på at eg skreiv om gamaldanstradisjonen i Gudbrandsdalen. Slik blei det, minnest Lie.

Sven Nyhus spiller fele med et uklart glass i forgrunnen.
Nyleg avdøde Sven Nyhus tok Jo Asgeir Lie under vengene.

Trivsel som glasur

Korleis arta det seg, studentlivet i di tid ved institusjonen?

– Eg starta berre fire år etter at det som i dag er det gamle bygget, var nytt – og slik hadde me gode vilkår. Jon Faukstad hadde eit stort kontor i andre etasje. Dette vart eit samlingspunkt, og ein kontrast til øvingsromma i femte etasje. Desse er gode øvingsrom, men likevel små celler. Når ein sat der lenge åleine, styrkte det nok kjensla av det einsame med å vera utøvarstudent. Røykerommet var mellom dei mest sosiale plassane me hadde, det kjenst litt absurd i dag. Og kantina! Det var ein bra stad å bli kjend med andre studentar. Nokre har blitt utøvarar som eg har samarbeidd mykje med seinare, medan andre gav meg kanskje innsikta om kven eg ikkje ville jobba med.

Lie dveler ved korleis det fysiske ved eit bygg medverkar til kvaliteten på studieløpet. Å trivast gjennom utdanninga påverkar retninga også i det profesjonelle livet, meiner han.

– Også her har utdanningsinstitusjonane endra seg mykje. Den gongen var det ingen som spurde korleis du hadde det på NMH. Det vil seia, etter ein vond episode ved skulen, vart studentane kalla inn til allmøte i Lindemansalen. Slik eg hugsar det i dag var den sentrale meldinga til oss at dei som ikkje toler press i den utøvande situasjonen, bør finna seg noko anna å gjera. Eg hugsar at eg vart provosert der og då, trass i at det stemmer; som utøvar er ein nøydd til å takla press, ha lyst til å vera synleg, kunna utlevera seg sjølv. Men at dette er noko ein kan læra seg eller få hjelp til, var det lite medvit om då. Mellom anna var det fyrst siste året på hovudfag me kunne velja utøvarpsykologi som valfag. I dag er dette eit sentralt tema allereie i første år. Dette som ligg heilt i botnen i dag, var glasuren då i 96–98.

Å formidla det ein trur på sjølv

I retroperspektiv er engasjementet kring det sosiale og entreprenørskapet – forståinga for at også dette er eit sentralt fagleg innhald – tydelege i Lie sine refleksjonar kring utdanninga. Men, det «ordinære faglege innhaldet» hugsar han òg.


Portrett av Jo Asgeir Lie på trekkspill
Jo Asgeir Lie studerte på NMH fra 1992 til 1999.

– Å studera musikk er læring på veldig mange plan! Det meste eg lærte har eg brukt. Når eg skriv eller arrangerer musikk, veit eg at eg bryt ein del reglar etter kontrapunktet til Bach, det er òg ein lærdom. Eg fekk høyra mykje spanande musikk innan ei rekkje sjangrar som har forma måten eg skriv og spelar på. Særleg har inspirasjonen frå improvisert musikk vore viktig for meg.

Men om eg skal trekkja fram eitt fag eller ein enkeltperson i tillegg til dei eg alt har nemnt, må det vera Idar Karevold og musikkhistorietimane hans. Han hadde sine sider som pedagog, men Idar Karevold sette musikkhistoria inn i ein historisk kontekst, synte korleis musikken var del av, og sprang ut av samfunnet og vilkåra til ulike tider. Han snakka alltid utan manus. Desse større samanhengane han viste fram, og formidlingsmåten hans, har eg teke med meg. Eg strekkjer meg mot det når eg sjølv står framfor studentar: Som pedagog er det avgjerande at det ein formidlar er noko ein kjenner godt og trur på sjølv.

– I tida etter høgskulen har du vore medmusikant og rettleiar for eit stort tal menneske. Kva vil du seia at du har brukt utdanninga di til?

– Til nettopp å bli ein fleirspors musikar. Musikkhøgskulen gav meg ballasten til å vera ein nysgjerrig musikant, dels fordi eg fekk eit solid fagleg grunnlag gjennom gode læremeistrar, dels også fordi det tvang seg fram eit behov for å gå mine eigne vegar. Slik blei eg musikar på mine eigne premiss.

Jubileum 2023–2024

Artikler relevante