Begge utdanningsinstitusjonane i musikkterapifaget i Norge, Universitetet i Bergen og Norges musikkhøgskole, er no med i dette klyngesamarbeidet.
– Sterkare saman
Rektor Astrid Kvalbein seier at ho ser fram til at Musikkhøgskolen blir med på å prege kva det nye POLYFON skal vere:
– Resonnementet bak å melde oss inn er i utgangspunktet enkelt: Vi er sterkare saman. Ikkje minst i møte med politiske og andre styremakter, som stadig treng å bli minna om verdien av musikk som helseressurs, i alle slags liv. På den andre sida er det spennande å sjå korleis den kompetansen fagmiljøet på NMH har utvikla kan spele inn i den polyfone veven i klynga. Utvekslinga mellom Oslo og Bergen har vore rik lenge, så alt ligg til rette for givande samspel.