Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Akkordeon er eit av dei yngste instrumenta på kunstmusikkscenen. Det har likevel rukket å etablere ein markant og internasjonalt anerkjend tradisjon i Skandinavia. Fagmiljøet for akkordeon på Noregs musikkhøgskole har eit solid fundament i den skandinaviske akkordeontradisjonen, samtidig som det å fortsette utviklinga og spreiinga av instrumentet er ein svært side.

Akkordeonet har stort utviklingspotensial – dette ønsker fagmiljøet vårt å bidra til å utfalde. Undervisninga sikter mot å forberede studentane på eit profesjonelt virke i mangfaldige musikalske samanhengar, kor akkordeonet inngår – eller kan inngå.

Sentralt repertoar

Sentralt står samtidsmusikken, som er kjernerepertoaret til det klassiske akkordeonet. Her blir musikalsk fantasi og instrumentale teknikkar utvikla og utfordra, og gjennom organisert samarbeid med komposisjonsstudentar merker studentane gleda ved å utvikle heilt nytt repertoar. Dette er til inspirasjon for dei sjølv, for publikum og for den vidare utviklinga av akkordeonet.

Samtidig er arbeidet med eldre repertoar og transkripsjonsmusikk essensielt for oppbygginga av grunnleggande musikalsk forståing, så vel som ein solid instrumentalteknikk og klangforståing. Som ein særeigen hybrid mellom tasteinstrument og blåseinstrument stiller akkordeon krav til både fingermotorisk kontroll og raffinert, organisk klangbehandling.

Kammermusikk er viktig for akkordeonistar, ikkje bare for å bygge opp avgjerande kompetanse til verksemd som frilansmusikar, men òg som utviklingskatalysator for eiget spel og musikalsk formidlingsevne. Difor arrangerer vi årlege kammerprosjekter innan fagmiljøet eller med andre instrument. Generelt oppmuntrar vi studentane til å delta i kammermusikalsk aktivitet.

Annan aktivitet

I forumtimane tar vi opp generelle musikalske og tekniske emne (innstuderingsteknikk, fingersettingar, besifringsspel, repertoarkunnskap, improvisasjon, mental førebuing), trener på konsertsituasjonen, og øver på å lytte til og konstruktivt kommentere på medstudentane sine framføringer.

Ein årleg studentstyrt turné i regi av skolen gir verdifull erfaring både med praktisk entreprenørskap og publikumskontakt, og to årlege besøk av gjesteprofessorar tilfører aktuelle impulsar frå det internasjonale musikklivet.

Studer akkordeon på NMH

Lærere

Stipendiat

Studiemuligheter

Historier

Konserter Kommende

Prosjekter Relevante

Publisert: 4. jun. 2020 — Oppdatert: 23. okt. 2024