Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Fagmiljøet dyrkar sjangerbreidde og nysgjerrigheit overfor nye kunstnariske uttrykk.

Tilbodet er i stor grad prosjektbasert og individuelt retta. Vi ønsker å utvikle sjølvstendige musikarar som tar ansvar for eigen kunstnarisk og kreativ utvikling. I tillegg til individuell oppfølging på hovudinstrument, legg vi vekt på å utvikle godt handverk. Kollektiv musisering er ein sentral del av hovudinstrumentarbeidet.

Utøvarar og skapande kunstnarar

Lærarane i fagmiljøet er blant dei beste utøvarane og skapande kunstnarane innan improvisasjon og jazz, med eit stort spenn i musikalsk stil. Vi samarbeider med fleire miljø på skolen når vi treng ekspertise – frå til dømes instrumentalundervisning, komposisjon og teknologi til folkemusikk.

Miljøet i seg sjølv, med samspelsmolegheiter og nødvendige fasilitetar, er ein vesentleg del av tilbodet. Tilbod etterliknar langt på veg den verkelegheita musikarar møter i det profesjonelle livet.

Studiemuligheter

Historier

Konserter Kommende

Prosjekter Relevante

Publisert: 10. mar. 2020 — Oppdatert: 24. sep. 2024