Miljøet omfattar eit spekter av stilistiske retningar og tilnærmingsmåter. Studentane sine initiativ og musikalske preferansar er i stor grad med på å prege miljøet og innhaldet i studiet. Musikalsk vurderingsevne og bevisstgjering av kunstnariske val blir utvikla gjennom rettleiing, dialog og fremføring av eigne verk.
Musikkhøgskolen ønsker å skape grobunn for nyskaping og individuell utvikling. Målet er å utdanne sjølvstendige komponistar med breid kompetanse på den kunstmusikalske arenaen, og også å gi praksis og erfaring som gjer studentane i stand til å operere i det kommersielle yrkeslivet.